Teiknar  opp  kartet  for  den  nye  heimetenesta
Saman med tillitsvalde arbeider tenesteleiarane med å utvikle heimetenesta i Alver. Frå venstre: Johnny Brattetaule (einingsleiar i Radøy), Sølvi Ulvund (avdelingsleiar i Knarvik, Lindås), Benthe Fjeldstad Helland (einingsleiar i Lindås og tenesteleiar i Alver), Liv Berit Haukås (hovudtillitsvald) og Britt Romarheim (tenesteleiar i Meland).

Teiknar opp kartet for den nye heimetenesta

Mange av Alver-prosjekta er i full sving. På Frekhaug har prosjektgruppa for heimeteneste i Alver hatt sitt tredje møte.

– Vi jobbar med å finne gode soner. Køyreavstandane skal vere greie, og vi vil vere så tett som mogleg på brukarane og samtidig vere ressurseffektive, seier Benthe F. Helland.

Ho er einingsleiar i Lindås i dag, og har fått stillinga som tenesteleiar i Alver. For å løyse logistikken kring heimetenesta tar prosjektgruppa i bruk nye metodar.

Tenkjer langsiktig

– No teiknar vi inn kartet slik det er i dag, forklarer Helland, med ein blå tusj i handa og ivrige kollegaer rundt på alle kantar.

Heimetenesta får hjelp av Nordhordlandskart til å kombinere kart med befolkningsdata. Etter å først ha teikna opp dei noverande sonene, skal kartet digitaliserast. I eit eige område i Nordhordlandskart kan prosjektgruppa flytte på sonene, og vurdere korleis sonene kan møte framtidige behov.

Om ein ser at det blir mange som for eksempel snart passerer 80 år innanfor eitt område, aukar sjansen for at det blir fleire brukarar som treng assistanse frå heimehjelpa der.

Saka fortset under bildet.

Kartet over Alver dekka halve møtebordet då prosjektgruppa møttest.
Kartet over Alver dekka halve møtebordet då prosjektgruppa møttest.

Kvifor kart?

– Kart er heilt supert som planleggingsverktøy, seier Tommy Veland, avdelingsleiar for geodata i Lindås kommune.

Han synest arbeidsmetoden til heimetenesta er veldig spanande. Ein nyttar data som allereie eksisterer, men på ein litt annan måte enn normalt.

– Slik kan vi stipulere kva behova blir dei neste fem åra, forklarer Johnny Brattetaule, einingsleiar i Radøy.

Close Menu