Meld  deg  som  bøsseberar
No kan du nytte ventetida på rådhuset til noko nyttig og strikke litt på spøtet som ligg framme. Mette Marei Træland strikka for Kirkens Bymisjon då ho var tidleg ute til eit møte om betre læringsmiljø i oppvekst. Hugs TV-aksjonen 21.oktober.

Meld deg som bøsseberar

I år går midlane frå tv-aksjonen til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for eit varmare samfunn. Vil du vere med som bøsseberar 21. oktober?

Vi treng bøsseberar slik at alle husstandar får besøk søndag 21. oktober.

Trykk her for å melde deg som bøsseberar

Når du har registrert deg, blir du kontakta av aksjonskomiteen til din kommune med informasjon om korleis aksjonsdagen blir organisert der du bur.

Om TV-aksjonen 2018

TV-aksjonen 2018 går til Kirkens Bymisjon sitt arbeid for å skape eit varmare og meir inkluderande samfunn.

Det er mange måtar å vere utanfor på i Norge i dag. Eit liv utanfor kan starte allereie som barn. Det kan også oppstå midt i livet om du mister jobben eller må starte eit nytt liv i eit nytt land.
Med årets TV-aksjon ønskjer Kirkens Bymisjon å by på det mange av oss tar for gitt, men som stadig fleire opplever å ikkje ha; den varme senga, ein jobb eller fritidsaktivitet å gå til, eit fellesskap rundt middagsbordet eller nye og trygge kjente.
Close Menu