60  til  topps  på  Kolås
11-åringane Karoline Ness Olsen og Melina Sørensen Lauvås er næraste naboar til turløypa på Kolås.

60 til topps på Kolås

Regnet la ingen dempar på turen, då klassevenninnene Karoline og Melina fann vegen til Kolåstoppen.

Det er søndag 14. oktober. Kulturkomiteen til Alver kommune har invitert til sin tredje og siste guida tur denne sesongen. Ordførarane i Lindås, Meland og Radøy har plukka ut kvar sine turar i turbrosjyren «15 turar i Alver». I dag er det Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes som visar veg.

11-åringane Melina og Karoline kjenner turstien godt. Dei bur i Kolåsfeltet og brukar stien ofte – både til familietur intervalltrening med handballgruppa si.

800 dugnadstimar

No har jentene vore på Kolåstoppen, sprunge nedatt og funne seg ein plass i gapahuken – i ly for vind og regn.

– På fine dagar kan du sjå Mongstad og fleire fjell og kommunar frå toppen. I dag var det berre tåke der oppe. Dei som ikkje har sett den fine utsikta før, må komme tilbake, meiner dei to jentene.

I dag er gapahuken fylt til randen av turgåarar – og to bord med godsaker, som eldsjeler i Lindås turlag har trylla fram.

Ein av eldsjelene er leiar i turlaget, Håkon Vabø. Han fortel at turstien og gapahuken er eit resultat av 800 dugnadstimar og ein million kroner.

Artikkelen held fram under bileta.

Nye planar

– Då vi starta dette prosjektet for 12 år sidan, hadde vi 3000 namn i turboka. I fjor talte vi 17.000 namn, fortel Håkon.

Han er stolt over det dei har fått til, og ser fram til vidare utvikling av området.

Neste på planen til turlaget er å utvide turstien til Kolåstoppen, slik at han blir ei rundløype på 4,5 kilometer.

Dei jobbar også med ei klatreløype og har planar om ei lita trimløype ala «Brekke-løypa» i tilknyting til aldersheimen, barnehagen og Lindås senter.

Siste sjanse

Posten på Kolåstoppen og dei andre 14 turane ligg ute til og med laurdag 20. oktober. Måndag 22. oktober er siste sjanse for å levere inn ferdig utfylt skjema med kodeorda til turane du har gått.

Har du tatt fine bilete på ein eller fleire av turane i sommar og haust? Merk bileta med emneknaggen #15turarialver og del dei med oss på Instagram! Du må ha open profil, om juryen skal få tilgang til biletet ditt og ta det med i vurderinga.

Vi har fleire fine premiar til dei som er med i trekninga på turbrosjyren og vinnarbiletet i fotokonkurransen.

Lindås turlag diska opp med vaflar, kaffi og gode historier utanfor gapahuken etter toppturen.
Lindås turlag diska opp med vaflar, kaffi og gode historier utanfor gapahuken etter toppturen.
Close Menu