Aktivitets-  og  kulturprogrammet  for  Alver  kommune  januar  2019-januar  2020

Aktivitets- og kulturprogrammet for Alver kommune januar 2019-januar 2020

Kva er aktivitets- og kulturprogrammet?
Aktivitets- og kulturprogrammet skal bestå av kulturarrangement og -aktivitetar som skal skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommunen. Aktivitets- og kulturprogrammet vil verta presentert i eit trykt hefte – eitt for kvart halvår i 2019. Det første programmet vert sannsynlegvis klart til distribusjon i månadsskiftet februar/mars 2019. Programmet vert i tillegg marknadsført i andre kanalar.

Kva arrangement og aktivitetar kan vera med i aktivitets- og kulturprogrammet?

Kultur- og aktivitetsprogrammet skal bestå av kulturarrangement og -aktivitetar i dei tre kommunane som bidrar til å nå målsetjinga om å skapa interesse for og tilhøyrigheit til den nye kommune.

Eitt av følgjande kriterium må vera oppfylt:

  • Vera eit samarbeid mellom aktørar i dei tre kommunane
  • Vera ei arrangementsrekkje med arrangement i dei tre kommunane
  • Vera eit arrangement med storleik eller tematikk som gjer at heile Alver er nedslagsfelt

Korleis melda inn arrangement?

Frist for å melda inn arrangement som skal skje i perioden mars-juli 2019 må meldast inn seinast 10. januar 2019. Arrangement som skal skje i perioden august 2019-januar 2020 må meldast inn seinast 10. mai 2019.

Ta gjerne kontakt med leiar i arbeidsgruppa for aktivitets- og kulturprogrammet Bente K. Hervik (tlf. 56 34 90 12 / e-post: bente.hervik@radoy.kommune.no) på førehand, evt med kulturavdelinga i din kommune.

Kva bidrar kommunane med?

  • Koordinering for å unngå at arrangement kolliderer og for å sørga for ei grei fordeling av arrangement utover året.
  • Marknadsføring i det trykte aktivitets- og kulturprogrammet. I tillegg vil kommunane bidra med annonsering på nettsider, sosiale medium, plakatar etc.
  • Kommunane (t.d. kulturadministrasjonen, ungdomskoordinatorane, biblioteka, frivilligsentralane, kulturskulane) kan vera aktuelle samarbeidspartnarar på arrangement. Ta i såfall kontakt i god tid.
  • Kommunane har oversikt over dei fleste kulturaktørar i dei tre kommunane og kan bidra med å setja desse i kontakt med kvarandre.
  • Tilskot til kulturarrangement
  • Kommunane skal òg ha nokre eigne arrangement

 

Close Menu