Ein  tur  som  passar  for  alle
Per Ole Ekker (t.h.) håpar at mange turgåarar blir med til Kolåastoppen på søndag. Her i samtale med Atle Bondevik på Sørdalsnuten tidlegare i år.

Ein tur som passar for alle

Søndag 14. oktober kan du bli med på tur til Kolåstoppen i Lindås.

– Denne løypa er tilrettelagt for folk med barnevogn og rullestolbrukarar, seier Per Ole Ekker, leiar ved frivilligsentralen i Lindås.

Han nyttar høvet til å skryte over dei frivillige, som legg ned timevis med arbeid i å leggje til rette. Den breie grusstien til Kolåstoppen gir alle moglegheit til å få flotte friluftsopplevingar.

Saman med kulturkomitéen for Alver kommune og Lindås turlag, arrangerer frivilligsentralen den tredje av fellesturane i 15 turar i Alver. Tidlegare har vi gått til Håøytoppen i Meland og Staurevarden i Radøy. Ordførarane i dei tre Alver-kommunane er med til Kolåstoppen også.

Startar klokka 14

På søndag startar turen til Kolåstoppen klokka 14, frå parkeringa ved Nerkolås.

Det er ca. 1,7 kilometer å gå kvar veg. I gapahuken blir det lett servering, og ordførar Astrid Aarhus Byrknes skal ønskje velkommen.

Kolåstoppen er ein av dei best besøkte turane i Nordhordland. På ut.no kan du lese meir om turen.

Arbeidet med å utvide turstien er i full gang, og om ikkje lenge kan ein gå ei rundløype i Kolåsfjellet.

– Det er viktig at det blir satsa på friluftsliv i Alver, meiner frivilligleiar Ekker i Lindås.

Vinn fine premiar

 

Kolåstoppen er ein av 15 turar i Alver. Hugs å merke bilete på Instagram med #15turarialver, for å bli med på fotokonkurransen.

Postane med kodeord ligg ute til 20. oktober. Svaret på postane kan leverast til kommunen. Då er du med i trekninga av fine premiar.

 

Close Menu