Dei  planlegg  valet  2019
Valstyret har starta førebuingane til valdagen. Bak f.v. Marit S. Jøssang, Øyvind H. Oddekalv, Jostein Borlaug, Nils M. Aadland, Kenneth T. Murberg, Nina Bognøy og Nina S. Øvreås. Framme f.v.: Astrid Aarhus Byrknes (leiar), Tove Mette Fyllingen og May Britt Gjerde (vara for Jon Askeland).

Dei planlegg valet 2019

Kommune- og fylkestingsvalet 2019 går som om Alver kommune allereie er på plass. Kva betyr dette for deg som skal stemme?

Valstyret til Alver kommune har hatt sitt første møte. Gruppa består av ni politikarar, tre frå kvar av kommunane Lindås, Meland og Radøy, og er ansvarleg for gjennomføring av lokalvalet hausten 2019.

Mykje skal på plass før valdagen, men du som skal stemme kan allereie no notere deg følgjande:

  • Valet blir gjennomført på éin dag, måndag 9. september.
  • Opningstida på valdagen blir frå 12.00 til 20.00 i alle vallokala.
  • På valdagen kan du stemme i din eigen krins, eller i ein kva som helst annan valkrins innanfor grensene til nye Alver kommune.
  • Talet på valkrinsar blir uendra.

Tre ordførarar, tre varaordførarar og tre politikarar frå kvar av kommunane er med i valstyret:

  • Astrid Aarhus Byrknes, Lindås, Kristeleg folkeparti – leiar
  • Øyvind H. Oddekalv, Meland, Arbeidarpartiet
  • Jon Askeland, Radøy, Senterpartiet (vara May Britt Gjerde stilte på det første møtet)
  • Nils M. Aadland, Meland, Arbeidarpartiet
  • Nina Bognøy, Lindås, Arbeidarpartiet
  • Jostein Borlaug, Radøy, Arbeidarpartiet
  • Marit S. Jøssang, Meland, Kristeleg folkeparti
  • Nina S. Øvreås, Lindås, Framstegspartiet
  • Kenneth T. Murberg, Radøy, Høgre
Close Menu