–  Vi  er  unike
Dei tre ordførarane spretta kaka med kommunevåpenet. Frå venstre Astrid Aarhus Byrknes (KrF), Jon Askeland (Sp) og Øyvind Oddekalv (Ap).

– Vi er unike

I fellesnemnda måndag 1. oktober blei Alver sitt kommunevåpen vedteke.

– Veldig mykje av identiteten vår blir gjenspegla i kommunevåpenet, sa Nils Marton Aadland (H), komitéleiar for prosjektet om identitet, symbol og felles kultur.

Det blå våpenskjoldet, med sølvfarga båt og bru, fall i god smak hos dei folkevalde.

Etter vedtaket kunne tre stolte ordførarar sprette kaka med det nye kommunevåpenet.

Går eigne vegar

Nokre små justeringar har skjedd sidan det siste utkastet blei lagt fram for fellesnemnda, i starten av september. Pilaren på brua er flytta nærare midten, rekkverket har fått mindre endringar og linjene i den tredelte båten er flytta litt.

Alver kommune våpen final_VEDTEKE
Slik ser kommunevåpenet til Alver ut.

Aadland informerte medlemmene i fellesnemnda om at kommunevåpenet ikkje heilt følgjer alle dei heraldiske reglane. Men reglane er berre rådgjevande, og det er fellesnemnda som bestemmer utsjånaden på kommunevåpenet.

– Dette er ein historisk dag. Vi bur i ein unik kommune, og har fått eit unikt kommunevåpen, sa Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Lindås-ordføraren hadde berre gode ord å seie om det nye kommunevåpenet.

50.000 kroner rikare

Evy Eknes i Reklamehuset, stakk av med designprisen. Ho mottok heider og ære for arbeidet sitt, og fekk overrekt blomar av dei tre Alver-ordførarane.

– Prosjektgruppa har gjort ein strålande jobb, skrytte Radøy-ordførar Jon Askeland (Sp).

Aadland kunne fortelje om endå større begeistring i prosjektgruppa, då dei fekk vite at designaren arbeider i Nordhordland. Det nye våpenskjoldet er med andre ord skapt og utvikla i Alver.

This slideshow requires JavaScript.

Close Menu