Korpsstafetten  i  gang  i  verdas  beste  brasskommune
Det var med eit høgt klang at Meland-ordførar Øyvind Oddekalv (Ap) opna korpsstafetten.

Korpsstafetten i gang i verdas beste brasskommune

Startskotet er tatt for ein digital korpsstafett i det som skal bli verdas beste korpskommune. Korpsstafetten er Alver-kommunane si markering av at 2018 er musikkorpsa sitt år.

– Me har eit flott og rikt korpsliv i Alver-kommunane. Me ønskjer å synleggjera og heidra dette fantastiske miljøet og det gode arbeidet som blir lagt ned, sa Øyvind H. Oddekalv, leiar i Fellesnemnda for Alver kommune.

Oddekalv slo bokstaveleg talt an tonen med cymbalar då korpsstafetten vart dregen i gang.

Dei tre Alver-kommunane har i samband med NMF sitt 100 års jubileum og markeringa av musikkorpsa sitt år, fått spesialskrive ein vignett – signert komponisten og lindåsingen Frode Rydland.

Først ut

Korpsstafetten går ut på at musikkorpsa i Alver etter tur skal spela inn Alver-vignetten, leggja den ut på facebooksida si og utfordra eit anna korps i Alver til å gjera det same.

Meland musikklag var først ute med sin digitale versjon av Alver-vignetten, og korpset har utfordra Seim musikklag til å ta takt og tone og stafettpinnen vidare. Målet er at korpsstafetten vil gå «av seg sjølv» og i løpet av ei tid koma innom alle korpsa i Alver.

– Dette er ein feiande flott kjenningsmelodi for Alver, ein fanfare som er verdig ein kommune som tar mål av seg til verdas beste korpskommune, sa Øyvind H. Oddekalv. Han håpar kvart korps tar utfordringa og blir med, seier Øyvind H. Oddekalv.

Slik han ser for seg Alver

Frode Rydland startar vignetten med eit tema lausleg basert på musikk frå Nordhordland.

– Så byggjer det seg opp til noko mektig og stort, men samtidig utan å mista retninga – slik eg ser for meg at Alver kommune vil bli, seier komponisten.

Korpsstafett_Meland musikklag (2)
Thomas Fosse, tubaist i Meland musikklag, var ein av musikantane som deltok på opninga av korpsstafetten.
Close Menu