–  Ingen  skal  seie  at  ungdom  ikkje  engasjerer  seg
Kor mykje tilskot ungdomsklubbane får, engasjerte blant anna Benedicte Hopsdal (17).

– Ingen skal seie at ungdom ikkje engasjerer seg

Det uttalte Bård Mangerøy (V), ein av politikarane som stilte opp under Alver-ungdommen sitt kafédialog-møte.

50 ungdommar og politikarar var førre veke samla i rådhuset på Manger. Rundt borda føregjekk diskusjonar om alt frå kulturtilbod, til demokratibygging og helsetilbod. Fellesnemnda for ungdomsråda i Meland, Radøy og Lindås arrangerte møtet med lokalpolitikarane.

– Eg ønskjer at stemma til ungdom skal bli høyrt, sa Steffen Vestheim Sævdal (18).

Godt ungdomstilbod

Han er for tida lærling som prosessoperatør, og har vore medlem i Radøy ungdomsråd i fleire år. Sævdal er oppteken av at ungdom i heile Alver får behalda eit godt tilbod.

180917 Ungdomsråd lokalpolitikarar2
Ungdomsråda har oppretta si eiga fellesnemnd, med personar frå både Radøy, Meland og Lindås. Bak f.v. sit Morten Stokke, Daniel Gjelsvik Kaland, Marte Vågenes Solheim og Thea Risøy. Framme f.v. sit Ebbe Io, Steffen Vestheim Sævdal og Susanne Sørli Slettebakken.

Ein annan som treivst med å vere ein talsperson for ungdom, var Morten Stokke (15) frå Lindås. Saman med Steffen, sit han i ungdomsråda si fellesnemnd.

– Oppmøtet er veldig bra, og me håpar på mykje engasjement, sa Stokke før kafédialogen byrja.

Og kafédialogen gav verkeleg grobotn for gode diskusjonar. Thomas Vågenes (16) var ein av dei som var ivrige i debattane rundt bordet.

– Det er veldig interessant å høyre kva politikarane meiner, sa Vågenes.

– Nokre gonger har dei jo litt diffuse svar, sa han og lo.

180917 Ungdomsråd lokalpolitikarar3
Thomas Vågenes (16) (t.v.) var oppteken av at ungdom nyttar retten til å bli høyrde. Jostein Borlaug i midten.

Lyttande folkevalde

Politikarane hadde spissa øyrene før kafédialogen, og var klare til å innta ein lytteposisjon.

– Kor mykje bruker de ungdomsklubbane, og kunne ungdommens spørjetime fungert på politiske møte, ville lokalpolitikarane vite.

– Det er viktig å høyre kva ungdommen har å seie. Vi held på med å skrive partiprogrammet, og dette er ei perfekt anledning til å få innspel, forklarte Jostein Borlaug (Ap).

Partikollega og leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv, sa seg heilt einig i det.

– Det har komme mange flotte innspel, sa Meland-ordføraren mellom rundane.

Han oppfordra ungdomsråda om å gi innspel til lokaldemokratigruppa, der blant anna nærdemokrati skal stå i fokus.

Politikarane som gjekk ut av rådhuset på Manger denne kvelden fekk mange gode råd med seg på vegen.

– Det er heilt fantastisk at så mange kjem på arrangementet. Ingen skal seie at ungdom ikkje engasjerer seg. Då er det viktig at me stiller opp og, sa Mangerøy klart og tydeleg.

 

Close Menu