Flyttar  saman
Rita Hella Grindheim (t.v.) og Silje Mari Vikøren Palmesen var i full sving med å kopla opp PC-skjermar.

Flyttar saman

Torsdag var det hektisk aktivitet i lønn og rekneskapsavdelingane i dei tre Alver-kommunane. Dagen for å samlast på eitt kontor var endeleg kommen.

– Dette blir spennande, sa Rita Hella Grindheim, medan ho fylte den tomme bokhylla med permar.

Sjølv om det var litt vemodig å pakke ned sakene ved pulten i Radøy, er blikket no retta framover.

– Vi får eit stort fagleg miljø. Tidlegare har vi vore sårbare, med få personar på same fagområde, sa Bergfrid Tjore.

Ho var ei av dei fem andre, som kom med flyttelass frå Radøy til Lindås.

Andre kan lære

Lindås, Meland og Radøy sine lønn og rekneskapsavdelingar skal no ha kontorstad i tredje etasje i Knarvik senter. Saman blir dei 15 personar på avdelinga. Å ha ei samkjørt lønn og rekneskapsavdeling er viktig når tre kommunar skal bli til ein.

– Med så mange fine og flinke folk kjem dette til å gå kjempefint, sa Janne Sund.

Ho har i dag stillinga som økonomisjef i Lindås, og fortset som økonomisjef inn i Alver.

– Eg er stolt over at vi no er komne til denne milepælen, sa Sund.

På flyttefot

Å vere ein av dei første avdelingane i Alver som no deler kontorstad, syntest også dei tilsette var stas.

– No kan andre lære av vår prosess, sa konsulent Silje Mari Vikøren Palmesen.

– Det er godt å komme i gang. Flyttinga har det vore snakk om så lenge no, sa Hanne Helland smilande.

Fellessamarbeidet har vore jobba med lenge, til og med før Alver kommune var vedteke.

Ønskjer du å komme i kontakt med rekneskapsavdelinga i kommunen, er dei tilsette framleis å nå på dei gamle telefonnummera.

 

 

This slideshow requires JavaScript.

Close Menu