Kystkulturen pregar Alver sitt nye kommunevåpen.

Det var stor einigheit i fellesnemnda om det nye kommunevåpenet til Alver. Måndag orienterte komitéleiar Nils Marton Aadland (H) om utvalsprosessen, og grunngav valet.

– Dette kommunevåpenet har ein sterk symbolverdi for Alver, forklarte han.

Brua bringer Radøy, Meland og Lindås saman. Fjordane, med båt som ferdselsmiddel, har historisk tilknyting til alle dei tre kommunane. Det blir ein blå bakgrunn, der brua og båten er sølvfarga.

Kommunevåpen_forslag_fellesnemnd_180903

NYTT: Kommunevåpenet til Alver får ei slik utforming, men det kan bli mindre endringar før den offisielle avdekkinga.

Småjusteringar

Det er strenge retningslinjer for korleis eit kommunevåpen kan utformast. Forslaget som Aadland presenterte for fellesnemnda følgjer dei heraldiske reglane.

– Eg kunne hatt ei heil førelesning om heraldikk, sa Aadland.

Arbeidet med nytt kommunevåpen er ikkje heilt i mål endå. Små endringar kan bli gjort i designet, før det endelege kommunevåpenet blir vedteke i oktober.

180903_Borlaug_Bognøy

POSITIVE: Jostein Borlaug (Ap) og Nina Bognøy (Ap) var godt fornøgde med arbeidet til komitéen.

– Komitéen har løyst oppgåva på ein glimrande måte, skrytte Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes (KrF).

Med alle forlaga som kom inn, tenkte ho at det nesten måtte vere ei umogleg oppgåve å velje ut éin favoritt.

Engasjerte innbyggjarar

Aadland var svært fornøgd med engasjementet om det nye kommunevåpenet.

– Det er utruleg kjekt at vi har fått så mange innspel, sa Aadland.

Over 270 bidrag blei sendt inn då Alver først spurde innbyggjarane om forslag.

I designkonkurransen som følgde, var det sju tilbydarar som deltok.

Vinnaren av designkonkurransen får 50.000 kroner, og blir offisielt kåra i fellesnemnda 1. oktober. Då skal ein gjere endeleg vedtak om det nye kommunevåpenet til Alver.