Designkonkurranse på nytt kommunevåpen

Fleire hundre innspel har blitt til to tema. No inviterer politikarane til designkonkurranse på nytt kommunevåpen med bru eller robåt.

Tema, form og farge
  • To hovudtema har gått vidare frå innspelsfasen: Bru og robåt.
  • Brua skal vere stilistisk og ikkje likne på ei av bruene i Lindås, Meland og Radøy.
  • Våpenet skal berre innehald eitt motiv. Det skal ikkje repeterast tre/fleire gonger.
  • Våpenskjoldet kan ha spiss eller avrunda i botn.
  • Våpenet skal innehalde eitt metall og ein farge. Fargen må vere rein og klar, utan nyansar og sjatteringar. For meir informasjon – sjå vedlagt presentasjon.
  • Motivet bør fylle skjoldflata godt, vere enkelt og utan unødvendige detaljar.
  • Våpenet bør vere lett å kjenne att i fart, på avstand og i lite format.
  • Motivet skal vere todimensjonalt utan bruk av dybde og perspektiv.

Trykk her for å opne presentasjonen med tekningar og forslag til dei to temaa som er med i designkonkurransen.

Kvalifikasjonskrav
  • Dokumentert kompetanse og erfaring innan grafisk og/eller kunstfagleg arbeid.
  • Registrert firma innan grafisk og/eller kunstfagleg arbeid.

Vi vurderer berre firma som legg ved dokumentasjon på kompetanse og erfaring og firmaattest.

Krav til innleveringa
  • Deltakarane kan levere inntil tre forslag på kvart av temaa.
  • Forslaga må følgje krava til tema, form og farge (over) og dei heraldiske reglane for kommunevåpen.
  • Kvart av forslaga må visast på fire ulike måtar: På kvit og svart bakgrunn – både i full farge og svart/kvitt
  • Alle forslaga skal vere i storleik tilpassa A4-format og leverast som PDF-fil. Forslaga må ikkje innehalde tekst eller logo. Vi må kunne presentere forslaga anonymt.
  • Kontaktopplysningar og ei kort skildring av forslaget skal vere eit eige dokument.
  • Vinnaren må i tillegg fritt levere forslaget sitt som vektorisert ai-fil i sort/kvitt, CMYK og PMS-fargar etter konkurransen.
Premiering
  • Vinnar av konkurransen får 50.000 kroner.
  • Dei ni andre finalistane får 10.000 kroner kvar.
Juryen

Juryen består av medlemmene i den politiske prosjektgruppa som leiar prosjektet for identitet, symbol og felles kultur. Juryen får profesjonell rettleiing frå fagpersonar på grafisk design og heraldikk.

Utveljing og rettar
  • Juryen står fritt til å velje mellom forslagsstillarar som møter krava i utlysinga.
  • Utveljing kan skje med loddtrekning om vi får tilnærma like forslag.
  • Prosjektgruppa må ikkje gi tilbakemelding til alle deltakarane.
  • Alle forslaga kan bli stilt ut og presentert utan ekstra godtgjering.
  • Forslag som ikkje er på plass innan fristen kan bli avvist.
  • Prosjektgruppa kan be om justering på forslaga. Dette blir ein del av prosessen utan ekstra godtgjering.
  • Alle rettar til vinnarforslaget går til kommunen i sin heilskap. Kommunevåpenet blir ein del av kommunen sin grafiske profil, og kjem mellom anna på kommunen sitt segl, flagg og ordførarkjede.
Slik deltar du

Forslagsfrist: 13. august 2018, klokka 10.00

Trykk her for å gå til konkurransen på Doffin.

Herifrå blir du sendt vidare til leverandørportalen www.mercell.no.

Treng du hjelp til å registrere firmaet ditt eller anbodet på Mercell? Ta kontakt med Mercell Norge AS sin kundeservice på support@mercell.com eller 21 01 88 00.