Magisk lansering av musikalsk Alver-vignett

– Eg er sikker på at Alver er den einaste kommunen i landet med eigen kjenningsmelodi, sa Radøy-ordførar Jon Askeland då han introduserte urframføring av den nye Alver-vignetten.

Alver-vignett IMG_7760

Alver kommune skal verta verdas beste korpskommune. Dei tre kommunane som går saman til ein kommune og eitt korpsrike frå 2020, har lansert sin musikalske vignett. Urframføringa skjedde under open himmel – på ein av dei 15 Alver-turane.

– Dette var magisk, fastslo ordførarane Jon Askeland, Astrid Aarhus Byrknes og Øyvind H. Oddekalv etter at eit ensemble med musikantar frå dei tre kommunane framførte Alver-vignetten på Staurevarden i Sæbø-krinsen. Eit 40-tals personar deltok på turen, med Radøy-ordføraren som guide og los.

Slik han ser for seg Alver

På toppen introduserte Jon Askeland det han kalla ein verdspremiere. Alver-vignetten er skriven av lindåsingen Frode Rydland. Rydland, som mellom anna har lang fartstid i EBML og er instruktør, arrangør og komponist, fortel at vignetten startar med eit tema lausleg basert på musikk frå Nordhordland.

– Så byggjer det seg opp til noko mektig og stort, men samtidig utan å mista retninga – slik eg ser for meg at Alver kommune vil bli, seier komponisten. Korps har alltid vore viktig for Rydland, og han er stolt over å verta spurt om å bidra på denne måten til å byggja korpskommunen Alver.

Finn den gode kursen

– Me har noko solid å byggja på, og så skal me sjå framover og finna den gode kursen, slik komponisten så riktig gir uttrykk for, seier Astrid Aarhus Byrknes.
Meland-ordførar Øyvind H. Oddekalv understreka at urframføringa på ein av Alver-turane var ein super kombinasjon. Samtidig inviterte han til guida fellestur i Lindås og Meland til hausten.

Det er kulturkomiteen, sett ned av Fellesnemnda i Alver, som har bestilt vignetten i samband med markeringa av Musikkorpsa sitt år her i landet.

– Ta vignetten i bruk

– No er det berre for korpsa å ta vignetten i bruk, slik at det verkeleg vert ein kjenningsmelodi for Alver kommune, seier Jon Askeland.

– Skikkeleg stas å få vera med på urframføringa, litt ærefullt, også, synest Eline Konglevoll Storheim, ein av musikantane.

Ensemblet spelte vignetten to gonger på Staurevarden, og gjennomgangsmelodien var at vignetten er fin og fengande, og fungerer veldig bra.

– Ei oppleving å koma opp her og veldig kjekt å få vera med å spela Alver-vignetten, seier Knut Sagstad, som spelar tuba i Meland musikklag.

På toppen serverte dei tre kommunane heimelaga potelefse frå Aufera, – sjølvsagt med sirup til.