Eit steg nærare eit kommunevåpen

båt
BÅT: Robåten er eit av alternativa til kommunevåpen for Alver. Dette forslaget er laga av Bente S. Lingjerde.

 

 

Bru, robåt og stein er symbol som det no vert jobba vidare med.

Prosjektgruppa som jobbar med kommunevåpen for Alver kommune, fekk i dag gode innspel frå referansegruppa som er sett saman av lag og organisasjonar i dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy.
– Vi har gått ut veldig breitt i prosessen, og fått inn meir enn 300 innspel. Utifrå desse landa så prosjektgruppa på fire motiv; båt, bru, messinginstrument og stein/varde, seier leiar Nils Marton Aadland.

Bru er førstevalet
Ingen i referansegruppa framhevar messinginstrument, medan fleirtalet hadde landa på bru som symbol for Alver kommune.
– Vi ser ikkje noko konkret bru, men brua i ei skisse som framstår som ein port. Porten til Nordhordland, eit inkluderande område der vi bygger bruer mellom kvarandre og ønskjer folk velkomen, seier Baste Tveito, dagleg leiar i Nordhordland Næringslag.

Representanten for ungdomsråda i Alver fortel at dei har hatt ein god diskusjon og har landa på bru. Ein god symbolikk som bind dei tre kommunane saman.
– Brua er framtidsretta, seier Øyvind Stang, kultursjef i Lindås som er samd med ungdomsrådet.
Det er også fleirtalet i rådet for menneske med nedsett funksjonsevne. Som eit alternativ kan dei tenka seg robåten som symbol, medan dampbåten er uaktuell.

varde
STEIN: Også stein er eit sentralt symbol i regionen. Dette forslaget er sendt inn av Vegard Eide.

Robåt og stein
Også eldreråda i dei tre kommunane er delt mellom bru og båt. Blant 13 representantar røysta 8 for bru, 5 for båt.
Sogelaga er samde om at båten er eit godt symbol for Alver kommune. Radøy sogelag har steinhusarkitektur som eit alternativ, og Lindås sogelag ønskjer seg keiper, som dei har i sine samlingar. Kulturlivet i Meland har ikkje heilt landa, men held ein knapp på varden.

Etter dagens møte er prosjektgruppa samd om at det no skal arbeidast vidare med dei tre symbola; bru, robåt og reisverk i stein.
– Det er viktig at kommunevåpenet er godt forankra når vi tar det i bruk, seier Aadland og takkar for innspela frå referansegruppa.

Klart og tydeleg motiv
Planen er at ein grafikar, etter anbod,  skal bli invitert til å koma med skisser på brua som ein portopnar, robåten og stein i form av tørrmuring som til dømes steingard og steinhus som det finst mange av i denne regionen.
– Eg finn ingen kommunevåpen i Norge som har bru, men port kan eg finne, og mange har båt i ulike former. Spørsmålet er om kommunevåpenet skal vera lett gjenkjenneleg, eller tolkning. Eg er litt skeptisk til at vi kan få eit kommunevåpen som blir tolka i alle retningar. Er det då samlande, seier Asle Hetlebakke.
– Me må ikkje bestilla skisser hos ein grafikar som er opptatt av tolking, seier Sølvi Knudsen.
– Me må be om eit klart og tydeleg motiv, der grafikaren hentar inspirasjon frå innspela vi alt har fått, seier Kirsti Gjetle Floen og får samstemte nikk rundt bordet.

bru
BRU: Fleire lag og organisasjonar held ein knapp på brua som symbol. Dette er eit av mange forslag frå skuleelevar, her frå Alversund skule.

Norsk heraldisk forrening skal vera med i den vidare prosessen. Prosjektgruppa skal leggja fram si innstilling for fellesnemnda 3. september, med avklaring i fellesnemnda 1. oktober.

I prosjektgruppa er Nils Marton Aadland, Nina Stabell Øvreås, Sølvi Knudsen, Asle Hetlebakke og Kirsti Gjetle Floen.

AV:  Randi Bjørlo