Svarer på kritikken

tillitsvalde
REAGERER: Hovudtillitsvalde sin talsperson, Jarle Næss (nærast) seier dei er nøgde med vedtaket i fellesnemnda, men reagerer på ordlyden i noko av kritikken mot dei.

– Vi hovudtillitsvalde er nøgde med det vedtaket som vart gjort i Fellesnemnda 4.juni, men reagerer på styrken i kritikken frå ein del politikarar, seier Jarle Næss, koordinerande hovudtillitsvald i kommunesamanslåinga.

Dei hovudtillitsvalde måtte tåla til dels krass kritikk frå nokre av politikarane i fellesnemnda måndag.

– Gjev feil signal

– Vi kan gå med på at vi har vore krass i tonen i våre to lesarbrev til lokalavisene. Det har vist seg å ha vore naudsynt, i og med at politikarane har prøvd å få dette til å framstå som at vi hovudtillitsvalde vil ha meir pengar til oss sjølve, mens dei overser at dette frå vår side har dreidd seg om kva signal fellesnemnda sitt vedtak om partistøtte i mai har hatt for alle dei leiarar, tilsette og tillitsvalde som jobbar ekstra med kommunesamanslåinga utan ekstra godtgjering, seier Næss.

Dei hovudtillitsvalde har som kjend rådd frå at det vert gitt økonomisk støtte både til partilaga og til arbeidstakarorganisasjonane i samanslåingsprosessen. Dei meiner at midlane i størst mogleg grad bør gå til det som har med sjølve bygginga av Alver kommune å gjere.

Einaste gong

Næss viser til at dette var første gongen dei hovudtillitsvalde aktivt har tatt kontakt med media og meint noko om ei sak, heilt sidan kommuneforhandlingane starta for tre år sidan.
– At vi då, frå politikarar som sjølve har køyrt både kampar og omkampar i lokalavisene dei siste åra, får kritikk for å nytte media til sutring kvar gong vi er ueinige, verkar urimeleg, seier han. Og legg til at èin av politikarane sa at dei måtte kjenne deira plass, og ein annan gjekk langt i å antyde at deira ytringsfridom burde begrensast.
– Om dette er noko fellesnemnda står inne for, er det alvorleg, seier Næss.

Han understrekar at dei hovudtillitsvalde ikkje har tenkt å gå eksternt med deira kritikk kvar gong dei er usamde med administrasjonen eller politikarane.
– Forhåpentlegvis var dette einaste gong. Men når politikarane aktivt mistolkar og ignorerer det vi tar opp i dei formelt rette kanalane, har vi rett til å seie ifrå. Og så kan både vi og politikarane gå i oss sjølve når det gjeld tonen, seier Jarle Næss, som også er hovudtillitsvald for Utdanningsforbundet Lindås.

AV: Randi Bjørlo

 

Close Menu