Kyrkjefolket bed om ny vurdering

Det vert inga ny vurdering no, men kan henda i desember.

Kyrkjeleg fellesnemnd kan ikkje godta at dei berre får halvparten av dei omstillingsmidlane dei har søkt om.

Fellesnemnda har gjort vedtak om å tildela kyrkjeleg fellesnemnd for kommunane Radøy, Meland og Lindås 1,2 millionar i omstillingsmidlar – utbetalt med like delar i 2018 og 2019. Då dette berre er halvparten av summen det vart søkt om, har kyrkjeleg fellesnemnd justert budsjettet etter tildelinga. No bed dei likevel om at søknaden vert vurdert på nytt i samband med revidert budsjett.

– Nokre kostnader må vi ta om vi skal verte oppfatta som ein seriøs og funksjonell aktør i 2020. Både prosjektorganisasjonen og kulturbygginga er til saman redusert frå 1,3 mill. til 0,4 mill. Det er alt for knapt til at vi kan gjennomføre dei tiltaka vi meiner er viktige for å bygge ein god, tenleg og effektiv kultur i den nye organisasjonen, skriv leiar Grethe Lunde i eit brev til fellesnemnda.

Usikre kostnadar

Programansvarleg sitt forslag til vedtak er at fellesnemnda ikkje aukar løyvinga til kyrkjeleg fellesnemnd. Han viser igjen til at det er knytt stor uvisse til fleire poster i budsjettet og spesielt IKT-kostnader.

– IKT har vi ikkje fått prisar på enno, men signal frå andre kommunar tyder på at dette kostar mykje. Det er viktig å halda igjen der ein kan, og eventuelt justera viss ein ser at handlingrommet er betre enn vi fryktar. Kyrkjeleg fellesnemnd skal også gjera noko med IKT, og eg har løpande dialog med dei om det pågåande arbeidet. Kanskje kan vi leggja fram ei ny sak i desembermøtet, seier Ørjan Raknes Forthun i fellesnemnda måndag.

Ei krevjande tid

– Eg kan bekrefta at det er god dialog. Budsjettet til kyrkjeleg fellesnemnd er stramt, og kanskje må ein sjå på måten å organisera seg på. Den prosessen er starta, seier Bjarte Vatnøy (Frp) som er politisk vald representant i kyrkjeleg fellesnemnd.

Leif H. Sleire (KrF), politisk representant i Lindås seier dei er inne i ei krevjande tid, med strame budsjett overalt. – Dei skulle hatt midlar til ein programansvarleg/ prosjektleiar/ny dagleg leiar før 1.01.20, seier han.

Fellesnemnda er samstemte om Raknes Forthun si innstilling om å avvisa søknaden om meir midlar no.

AV: Randi Bjørlo