– For drøyt av dei tillitsvalde

gruppemøte
GRUPPEMØTE: Fleirtalet ønskjer likevel ikkje støtte til dei politiske partia, men vil bruka pengane på ein politisk temadag.
tillitsvalde
KRAFTIG KRITIKK: Hovudtillitsvalde sin talsperson, Jarle Næss (nærast) og dei andre tillitsvalde måtte tåla kraftig kritikk frå fellesnemnda.

 

Dei politiske partia seier nei til pengestøtte, men fleire reagerer kraftig på kritikken frå dei tillitsvalde i denne saka.

I møte i fellesnemnda 7. mai vart det med 11 mot 10 røyster gjort vedtak om å løyva eit eingongstilskot til dei politiske partigruppene i eksisterande kommune. Sum og fordelingsnøkkel skulle ein komma tilbake til i juni-møtet.

Til dagens møte var det forslag frå programansvarleg, Ørjan Raknes Forthun om å vedta og fordele kr. 100.000,- avsett i budsjettet til «demokratibygging» for 2018 til dei politiske partia, etter same fordelingsnøkkel som den statlege partistøtta.

Samla seg om temadag

Nils Marton Aadland (H) ba om gruppemøte før saka skulle handsamast, og fleirtalet – Høgre, Frp, Sp og Venstre – kom då tilbake med forslag om å i staden bruka midlane til ein lokalpolitisk temadag.

Etter debatt og nytt gruppemøte vart det samrøystes vedtatt å be utval for politisk styringsstruktur og lokaldemokrati om å arbeida vidare med ei sak om ein mogleg temadag om lokaldemokrati i løpet av 2018.

Kraftig kritikk

Fleire i fellesnemnda tok til orde for at dei har merka seg den omtalen denne saka har fått i lokalpressa, særleg i form av lesarbrev frå dei tillitsvalde.

– Det er ganske drøyt når det vert påstått at «bukken blir sett til å passe havresekken» i denne saka. Vi stel ikkje nokon sine pengar. Ein politisk kvardag er noko anna enn for dei tilsette. Vi brukar av fritida vår. Her føler eg det har vore ei viss rolleblanding, der eit «parti» på utsida prøver å få plass ved bordet. Håper ikkje at det skal fortsetja slik, med lesarbrev når det er noko ein er usamd i, seier Bjarte Vatnøy (Frp).

– Tillagt motiv

– Me er alle opptatt av byggeprosessen vår, og av opne prosessar og samarbeid med tilsette og innbyggarar, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Og legg til at for KrF har denne saka vore prinsipiell.

– Dette har blitt ei veldig spesiell sak i media, eg hadde ikkje forventa det. Eg har ikkje stemt for at eg skulle få meir pengar for å driva senterpartipolitikk, men stemte for å styrka partia til å gjera den meirjobben som krevst i denne prosessen. Tillitsvalde sine utspel har ikkje skremt oss, om nokon skulle tru det. Vi har vore opptatt av at dei tillitsvalde skulle ha ei viktig rolle i denne prosessen, seier Sølvi Knudsen (Sp). Ho meiner det nye vedtaket er ei politisk styrking av lokaldemokratiet.

– Dei tillitsvalde har utfordra oss og tillagt oss motiv som eg ikkje kjenner meg att i. Det vert vanskeleg å styrka lokaldemokratiet viss ein lest som om ikkje dei lokalpolitiske partia finst, seier Anna K. Valle (Sp) som var den som foreslå støtte til dei politiske partia i prosessen. Ho refererer til dei tillitsvalde sine lesarinnlegg, der det ser ut som om alle får ekstraarbeid i prosessen, med unnatak av dei politiske partia. – Utsegna om pengebruken får stå for avsendar si eiga rekning, seier Valle som er overraska over tonen til dei tillitsvalde.

– Drøy kost

– Eit godt samspel og gjensidig tillit mellom tillitsvalde og folkevalde er heilt avgjerande. Det er drøy kost som er ført i pennen frå dei tillitsvalde i avisspaltene den siste tida, og den gjensidige tilliten har fått ein knekk, seier Nils Marton Aadland (H) som minner om at fellesnemnda no frikjøper tillitsvalde for 1,2 millionar.
– Eg håper det som no har skjedd frå dei tillitsvalde, har vore eit feilskjær og stoppar der. Dei politiske partia er grunnmuren i lokaldemokratiet, og vi ønskjer å øyremerka midlane til eit seminar der vi vil styrka lokaldemokratiet i Alver kommune, seier han.

Ei samstemt fellesnemnd avviste i neste sak, fagorganisasjonane sitt krav om økonomisk støtte til samanslåing av arbeidstakarorganisasjonane sine lokallag. Kravet var fremja utfrå likskapsprinsippet derseom fellesnemnda løyvde midlar til dei politiske partia.  

Av. Randi Bjørlo

 

Close Menu