Bru, båt, instrument eller varde?

4 tema kommunevåpen
FIRE TEMA: Bru, båt, messinginstrument eller varde vil venteleg prega Alver sitt kommunevåpen.

Korleis vert Alver sitt kommunevåpen?

Det har vore eit enormt engasjement rundt utforminga av nytt kommunevåpen for Alver. Etter at invitasjonen til innbyggarane gjekk ut – og innan fristen 15. april – har det kome inn meir enn 270 ulike forslag, både i form av teikningar og verbal tekst.

– Responsen har vore fantastisk, frå alt frå barnehageborn til godt vaksne, seier Nils Marton Aadland som leiar komiteen som jobbar med kommunevåpen.

4 motiv

Utifrå dei signala som dei innkomne forslaga gir, vil ein no jobba vidare med fire motiv; bru, båt, messinginstrument og varde.

– Vi har fått veldig mange ulike forslag, både teikningar og verbale forslag. At bru og båt er i fleirtal, er ikkje veldig overraskande. Vi i prosjektgruppa finn det naturleg å gå vidare med desse to i lag med messinginstrument og varde, som også er tydelege symbol frå denne regionen, seier Aadland. Han meiner dette vil vera eit godt utgangspunkt fram mot eit kommunevåpen som blir samlande og gir felles identitet.

Ungt engasjement

– Eg synest det er spesielt gledeleg at det kom mange forslag frå skulane. Det er kjekt å sjå at dei unge engasjerer seg for det som vert deira kommune i framtida, seier komiteleiaren.

Det planlagte møtet i prosjektgruppa 7. mai måtte utsetjast, då det ikkje lukkast å få med ekspert på heraldiske reglar, som skal ta del i den vidare prosessen. Endeleg avgjerd vert tatt i fellesnemenda for Alver kommune i september.

Her kan du sjå nokre av dei innkomne forslaga:
2018-04-24 Kommunevåpen Referansegruppe

 

Hovudreglar for kommunevåpen (Kjelde: Arkivverket)

  • Et våpen skal inneholde ett metall og én farge:  sølv eller gull + rødt, blått, grønt eller svart.
  • Våpenet skal inneholde bare ett motiv, men samme motiv kan gjentas flere ganger.
  • Motiv skal fremstilles generelt, uten individuelle trekk.
  • Motivet skal fremstilles i flatestil, det vil si todimensjonalt, uten bruk av skyggelegging og perspektiv.
  • Motivet skal være så enkelt at det er lett kjennelig også i liten størrelse eller på lang avstand.
  • Motivet skal fylle skjoldflaten godt.

AV: Randi Bjørlo

Close Menu