Albertine og Kristoffer på jobb for Alver

trainee
SPENNANDE: Albertine Eikås Halkjelsvik frå Nordfjordeid og Kristoffer Duesund frå Alversund er trainee i Alver.

Dei er to av tre som er engasjerte som trainee, med kontrakt til august 2019.

Kristoffer Duesund (26) frå Alversund og Albertine Eikås Halkjelsvik (26) frå Nordfjordeid har alt byrja å jobba med Alver-prosessen. I lag med endå ein trainee som kjem i august, skal dei bidra til eit best mogleg byggeprosjekt for framtidige Alver kommune. Dei har alle kontrakt til august 2019, og vil då bli vurderte til å vera med vidare inn i den nye kommunen.

Føler seg priviligerte

Albertine har utdanning innan statsvitskap, og skal jobba med kurs og opplæring, kommunikasjon og analyse. Kristoffer er samfunnsøkonom og har analyse og kartlegging som sentrale arbeidsoppgåver. – Gevinstar av samanslåinga er hovudprosjektet, seier han.

– Dette er eit spennande prosjekt som ikkje skjer så ofte, og det var veldig freistande å vera med på prosessen rundt samanslåing, seier Albertine på spørsmål om kvifor ho ønskte å vera trainee for Alver. Ho fortel at ho har jobba eit år i ein kommune tidlegare, og er soleis ikkje heilt ukjend med kommunale prosessar.

Påverka prosessen

– Det er veldig kjekt å få vera med å bygga noko nytt, og dette er ein prosess der mykje er nytt for alle involverte, der vi får vera med å påverke prosessen, seier Kristoffer. Han synest dei har fått god informasjon og har lært utruleg mykje sidan dei byrja 2. mai. Han har ikkje erfaring frå kommunal sektor.
– Men det er då nærast som eit konsern å rekna, og veldig lærerikt, seier 26-åringen som er oppvaksen i det som vert Alver kommune.

Trainee er eit omgrep som ofte vert brukt om ein nyutdanna med høgare utdanning som får ein praksisperiode i ein eller fleire verksemder i ein tidsbestemt periode.(Kjelde: Wikipedia)

AV: Randi Bjørlo