Tar styringa over vegmidlane

SAMSUNG CSC
LOKALE PROSJEKT: Ordførarane og resten av fellesnemnda er samde om at dei må få på bordet ei ny sak om bruken av tre millionar til infrastruktur. Midlane må brukast i løpet av 2019.

 

To millionar skal brukast til Sambandet Vest, men kva skal dei siste tre millionane brukast til?

Fellesnemnda godkjenner at Meland kommune får disponere inntil kr 2 mill av tildelte midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til infrasturkturtiltak i kommunar som skal slå seg saman. Midlane skal nyttast til å utarbeide ein silingsrapport og forslag til planprogram for ein kommunedelplan for vegtrase for Sambandet Vest frå Askøy kommune, via Meland kommune og Radøy kommune til Austrheim kommune. Askøy kommune sin del av utgiftene, 15 %, blir dekkja av Askøy kommune.

Dette vart vedtatt i fellesnemnda måndag, mot ei stemme. Sveinung Toft (V) vil som tidlegare skrive, avslutta prosjektet og bruka midlane til å prosjektera trafikktryggleik i dei tre kommunane. Samtidig meiner han at fellesnemnda må få på bordet ei sak om planlegging av ny Alversund bru.

Lokale vegar

– Vi har fått i alt 5 millionar til infrastruktur – 2 millionar til skal brukast til silingsrapporten, men dei resterande tre har vi ikkje bestemt korleis bruka. Eg er samd i at vi må prioritera strekninga Landsvik-Moldekleiv, ny Alversund bru og tilførselsvegar på Radøy, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Etter gruppemøte røysta ei samstemt fellesnemnd for ei sak om bruken av dei resterande midlane.

sveinung toft
KLART NEI: Sveinung Toft vil ikkje bruka pengar på Sambandet Vest, slik resten av fellesnemnda vil.

Ståle Hauge foreslår å prioritera tilførselsvegar, men kutta ut brua til Askøy, men trekkjer forslaget. Toft meiner ei eventuell ferje til Askøy kan fungera som beredskapsveg.

Beredskapsveg

– Askøy er i ferd med å etablera ny beredskapskai rett overfor Eikeland. Vi har bedt om møte med fylkeskommunen der ein ser på ferjesamband mellom Askøy og Meland, seier Øyvind Oddekalv (Ap). Han legg til at dersom ein fjernar Askøy frå vegprosjektet Sambandet Vest, forsvinn beredskapsdimensjonen for Askøy- og Nordhordlandsbrua.

– Eg er litt sjokkert. Initiativtakarane til Alver snakkar om å vera framoverlente. Det å kutta samarbeid om ei framtidig bru med Askøy, er ikkje lurt av oss som bur i denne regionen. Det er merkeleg at denne saka har blitt så spesiell i fellesnemnda. Håper at midlane no går til det formålet dei er tenkt til, og at vi får noko gjort, seier Sølvi Knudsen (Sp).

Alversundbrua

– Vi ønskjer å ta heile kommunen i bruk og utvikla heile Alver kommune. Bru til Askøy er viktig for beredskapen. Men vi har også forplikta oss til å gjera noko i forhold til Alversundbru, så det er ikkje unaturleg å ta det med i vedtak i dag, seier Nils Marton Aadland (H).
Jon Askeland (Sp) er ugild under handsaminga av denne saka.

AV: Randi Bjørlo

 

 

 

Close Menu