Partia får ein pott

senterpartiet
FÅR FLEIRTAL: Anna Valle (t.h) fremja igjen forslag om å gje nokre kroner til dei politiske partia i samband med samanslåingsprosessen. Her i lag med resten av SP-gruppa; frå v: May Britt Gjerde, Jon Askeland og Sølvi Knudsen.

Med 11 mot 10 stemmer har fellesnemnda vedtatt å gje økonomisk stønad til samanslåing av lokalpartia i dei tre Alverkommunane.

I fellesnemnda sitt møte 4. desember 2017 vart det gjort vedtak om å løyva 250 000 kroner til demokratibygging, etter forslag frå Anna Valle (Sp). Sidan har saka vore drøfta med departementet som svarar at dei løyvde midlane til samanslåingskommunane ikkje skal brukast til lokalpartisamanslåing.

Knapt fleirtal

– Intensjonen med samanslåinga er også eit styrka lokaldemokrati, og KS-plattformen for godt lokaldemokrati fortel at dei folkevalde gjer hovudjobben. Me har fått ein pott som skal brukast til å bygga ein ny kommune, der politikarane er nøkkelpersonar, seier Valle som finn det oppsiktsvekkande at ikkje departementet ser forskjell på eit politisk parti og eit skyttarlag.

Ho fremjar forslag om at fellesnemnda løyver eit eingongstilskot til dei politiske partigruppene i eksisterande kommunar. Sum og fordeling vert avklara i budsjett i junimøtet. Forslaget får 11 stemmer, medan Ap sine 6 og KrF sine 4 representantar røysta mot.

Uklare kostnadar

Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun sitt råd er å ikkje gje dei politiske partia stønad med bakgrunn i at departementet har svart at midlane ikkje skal gå til samanslåingsprosessar i politiske parti.
– I tillegg er eg uroa for om midlane strekk til det vi skal gjera. Avslutning av arkiv og IKT er avgjerande, og det er umogleg å seia no kor store desse kostnadane vil bli, seier han. Og viser vidare til innspelet frå dei tillitsvalde om likebehandling, og om å avslå søknaden.

Nils Marton Aadland (H) viser til at det var ein tilsvarande prosess i det som vert den nye fylkeskommunen fredag der det vart løyvd midlar, og at kommunelova opnar opp for tilskot til kommunestyregrupper.

Likheit for lova

– Eg vil ha store utfordringa med å overføra pengar til oss sjølve frå ein knapp nok pott, seier Nina Bognøy (Ap).
Partikollega Øyvind Oddekalv seier at dersom dei politiske partia løyver midlar til seg sjølve, må dei også opna sekken for andre, noko han ikkje trur dei har rår til.
– Dette er midlar vi har fått til å bygga ein ny kommune, og det er ingen tvil om at vi treng dei. Her må likheit for lova gjelda, og det vil vera feil å vedta løyving til oss sjølve, seier Asle Hetlebakke (KrF).

Før vedtak vart gjort, var det også ein del diskusjon om korvidt det er dagens kommunestyregrupper eller partilaga i Alver som skal få midlane. Men sum og meir presis fordeling av midlane kjem ein altså tilbake til i junimøtet.

AV: Randi Bjørlo