Kvifor bygga ny kommune?

silje a hoaas
INFORMASJON: Prosjektleiar Silje Andvik Hoaas tar imot innspel til god kommunikasjon, frå fellesnemnda.

Fellesnemnda har fleire tips til korleis kommunisera med tilsette og innbyggjarar i Alver kommune.

I juni skal kommunikasjonsstrategi for Alver kommune i byggeperioden vedtakast. I dagens møte drøfta fellesnemnda strategiforslaget med særleg fokus på handlingsdelen for dei neste to åra.
– I den interne kommunikasjonen er det viktig å styrka kompetansen til leiarane, sikra at dei tilsette ser verdien av samanslåing, og har felles forståing for målet, seier prosjektleiar Silje Andvik Hoaas i sin presentasjon til fellesnemnda.

Medarbeidarundersøking

Ho legg til at like før desse to åra er omme, er ønsket så å gjennomføra ei felles medarbeidarundersøking.
– Kva er tanken med medarbeidarundersøkinga så seint i prosessen, spør Anna Valle (Sp)?
– Dei tre kommunane skal gjennomføra sine faste medarbeidarundersøkingar i haust kvar for seg, og difor er tanken å få ein nullpunkt-analyse i knekkpunktet. Då får vi samanliknbare tal, seier Hoaas.
– Dei tilsette bør også få svara på kva dei ser for seg i framtida i medarbeidarundersøkinga i haust, som eg håpar vert lik i dei tre kommunane, seier Ståle Hauge (Ap).

Kvifor eller korleis

Jon Askeland påpeikar at dei tilsette sine organisasjonar er ein stor ressurs i prosessen.
– Vil kommunestrategien internt bli endå betre i samspel med dei tilsette sine representantar, spør han og legg til at han meiner diskusjonen om kvifor bygga ein kommune alt er tatt.
– Ein bør byta ut kvifor byggja ny kommune, med korleis byggja ny kommune, legg Ståle Hauge til.
– Forsking for store endringsprosessar viser at svaret på spørsmålet kvifor er utruleg viktig i forhold til å skapa tilslutning og forståing. Både kvifor og korleis er viktig for dei tilsette, seier Hoaas. Ho kan beroliga fellesnemnda med at dei tilsette sin representasjon er ivaretatt med at to tillitsvalde er med i prosjektgruppa, og felles HTV skal vera referansegruppe.

­Astrid Aarhus Byrknes (KrF) viser til tips frå andre samanslåingskommunar der nyheitsbrev vert tatt ut i papir og hengt på plassar der dei tilsette ferdast. Andre har lukka facebook-gruppe der tilsette kan koma med innspel og kommentarar.

Ekstern kommunikasjon

Når det gjeld ekstern kommunikasjon, er ønsket å vera i forkant av innbyggarane sine behov for kommunikasjon om konsekvensar for deira tenester, og skapa interesse for og tilhøyring til den nye kommunen.
– Informasjon til innbyggarane vert stadig viktigare dess nærare ein kjem 1. januar 2020, seier Hoaas.
–  Framleis er det tungt å forklara kvifor vi skal bygga ny kommune, så den bør gjerne vera med her også, i den eksterne kommunikasjonen, seier Ståle Hauge.
– Her er også innbyggarar som ikkje er på nett. Ganske snart bør det vera klart eit hefte, distribuert ut til folket, der ein skriv status, om prosessen og kor tid det kjem ny info, seier Marit Jøssang (KrF). Sølvi Knudsen (Sp) er samd og seier ho har tru på skriftleg informasjon.
– Informasjon skal skapa begeistring og engasjement. Men det å skapa gode ambassadørar er viktig, via lag og organisasjonar, seier Byrknes som meiner lokalavisene sine fulldistribusjonar er gode kanalar til innbyggar-informasjon.

Alle innspela vert tatt med i det vidare prosjektarbeidet.

AV: Randi Bjørlo

 

 

Close Menu