Informasjon om spørjeundersøking

Bakgrunn for prosjektet og spørjeundersøkinga
Meland, Lindås og Radøy har stor utveksling av arbeidskraft både seg i mellom og med andre kommunar i Hordaland. Samstundes veit vi ikkje så mykje om kven som pendlar, kvifor dei pendlar og kva kompetanse dei har. Vi har derfor satt i gang eit prosjekt for å kartlegge pendlinga. Første del av prosjektet var ein registerstudie utført av Hordaland fylkeskommune, som sto ferdig i januar 2018. Sluttrapporten kan du laste ned her: https://bit.ly/2G4ZFps.

Neste del av prosjektet er å gjennomføre ei spørjeundersøking til alle som pendlar inn og ut av desse tre kommunane, slik at vi får betre oversikt over kven pendlarane er og kva dei jobbar med. Vi vil gjerne vete litt meir om kvifor du pendlar, kva som eventuelt skal til for å heller jobbe i heimkommunen og korleis det kan leggast til rette slik at kvardagen din blir enklare dersom du også i framtida skal pendle.

Hordaland fylkeskommune gjennomfører undersøkinga på vegne av kommunane.

Kven får undersøkinga
Du har motteke denne undersøkinga anten:

1) fordi du er registrert som busett i Meland, Lindås eller Radøy og med arbeidsstad i ein anna kommune enn der du bor, eller

2) fordi du er registrert med arbeidsstad i Meland, Lindås eller Radøy, men bur i ein anna kommune.

Dersom du meiner du ikkje skal svare på denne undersøkinga fordi du anten ikkje bur i ein av kommunane over eller at du faktisk jobbar i same kommune som du bur, håpar vi likevel du kan gå inn i spørjeskjemaet og svare dette, slik at vi får ei tilbakemelding.

Databehandling
Undersøkinga er konfidensiell og det er frivillig å svare. Verken kommunane eller Hordaland fylkeskommune veit kva enkeltrespondentar har svart. Koplinga mellom svar og epostadresse ligg forsvarleg lagra på systemeigar (Rambøll) sin server og vert sletta så snart datainnsamlinga er avslutta, seinast 31.12.2018. For å kvalitetssikre registerdata vi har fått utlevert frå Folkeregisteret og NAV og for å sikre betre analysar, koplar vi nokre bakgrunnsopplysningar til dine svar. Enkeltpersonar skal uansett ikkje bli identifisert.

Korleis svare på undersøkinga
I SMS’en du har fått er det ei lenkje til undersøkinga som er unik for deg. Kvar gong du klikkar deg vidare til neste side i undersøkinga, mellomlagrast svara dine. Det betyr også at du kan begynne å fylle ut delar av undersøkinga, og så fortsette på eit seinare tidspunkt. På same vis vil andre få opp dine svar dersom dei får tilsendt di personlege lenkje, og dei vil kunne endre på desse. Dette er viktig å vere klar over dersom du ønskjer å vidaresende SMS’en til andre.

Dersom du heller vil svare på undersøkinga på datamaskin, kan du gå til svarfabrikken.no og taste inn respondentnøkkelen som er øvst på sida når du klikkar på lenka i SMS’en. Denne nøkkelen er unik for deg og må ikkje delast med andre.

Svarfrist: 25. mai 2018

Om du har nokre spørsmål til undersøkinga kan du ta kontakt med