Sambandet Vest vert avvikla

Meland tar over styringa av vegprosjektet.

Fellesnemnda godkjende i førre møte at Sambandet Vest får disponere inntil kr 2 mill av tildelte midlar frå Kommunal- og moderniseringsdepartementet til infrasturkturtiltak i kommunar som skal slå seg saman. Midlane skal nyttast til å utarbeide ein silingsrapport og forslag til planprogram for ein kommunedelplan for vegtrase for Sambandet Vest frå Askøy kommune, via Meland kommune og Radøy kommune til Austrheim kommune. Når saka no kjem opp igjen, er skilnaden i forslag til vedtak at Meland kommune får disponere pengesummen og Askøy kommune sin del av utgiftene, 15 %, blir dekkja av Askøy kommune, og ikkje forskottert av dei tildelte midlane.

Til kommunestyra

Bakgrunnen er at eit eigarmøte i Sambandet Vest har konkludert med at ein ønskjer å avvikle selskapet, men jobbe vidare med vegprosjektet. Styret vil arbeide vidare med sikte på å leggje ned selskapet og komme med ei eit forslag til korleis arbeidet med prosjektet kan organiserast. Dette vil det bli lagt fram sak om til handsaming i kommunestyra i eigarkommunane i juni.

Viktige spørsmål

Fellesnemnda må dermed måndag ta stilling til om det er naturleg at Meland kommune set i gang det nødvendige planarbeidet for prosjektet, slik at anbod kan bli utlyst før sommaren. Vidare bør fellesnemnda vurdera om Alver-kommunane sine kostnader til styringa av prosjektet skal dekkjast av midlane som er gitt av departementet.

AV: Randi Bjørlo

Close Menu