Nei til partistøtte

tillitsvalde
TILLITSVALDE: Frå venstre: Rosalind Instebø, Liv Berit Haukås, Jarle Næss og Elisabeth Bygstad. (Arkivfoto)

Dersom dei politiske partia får midlar frå samanslåingspotten, krev arbeidsgjevarorganisasjonane det same.

Møte mandag

Under budsjettprosessen i desember i fjor, kom Anna Valle (Sp) med forslag om å bruka 250 000 kroner dei neste tre åra i arbeidet med å sjå saman dei lokale partilaga i dei tre kommunane. Sidan har det vore stilt spørsmål til departementet, som er klar på at samanslåingsmidlane ikkje skal gå til å slå saman politiske parti og organisasjonar m.m. Førstkommande måndag kjem saka igjen opp i fellesnemnda, med negativ innstilling frå programansvarleg, Ørjan Raknes Forthun. Han viser til at det er knytt stor uvisse til fleire poster i budsjettet og spesielt IKT-kostnader.

  • Ein bør vise stor varsemd med å bruke midlar på andre postar enn det som gjeld kjernen i samanslåinga og som vert vurdert som høgst nødvendig, påpeikar han i saksutgreiinga.

Klare tillitsvalde

Det høyrer med til saka at dei tillitsvalde på vegne av alle involverte arbeidstakarorganisasjonar har sendt brev med krav om økonomisk støtte til samanslåinga av organisasjonane sine lokallag, utifrå prinsippet om likebehandling. I brevet som er underteikna av koordinerande hovudtillitsvald Jarle Næss, vert det presisert at tillitsvalde meiner at dei millionane som er avsett til kommunesamanslåing i minst mogleg grad bør gå til andre ting enn det som har med sjølve bygginga av Alver kommune å gjere. Dei oppmodar difor fellesnemnda om å stemme nei både til partistøtte og til deira krav.

AV: Randi Bjørlo