Ansvar for tannhelsa

Skal Alver kommune ta over tannhelsetenesta som eit treårig prøveprosjekt frå 2020?

Saka skal drøftast i fellesnemnda måndag 7. mai, med positiv tilråding frå programansvarleg. Han presiserer at endeleg avklaring om deltaking vert å komme attende til i eiga sak etter at dei økonomiske rammene er kjende.

Overta ansvar

Det er fylkesmannen som på vegne av Helse- og omsorgsdepartementet no kartlegg kva kommunar som ønskjer å delta i ei prøveordning der kommunane overtek ansvaret for den offentlege tannhelsetenesta frå fylkeskommunen. Dette er ei frivillig oppgåveoverføring som vil gjelde frå 01.01.2020 og som omfattar ei fullstendig overføring av oppgåver.

Prøveordning

Tidlegare har Stortinget vedtatt at regjeringa skal leggje til rette for ei prøveordning der kommunar som ønskjer det , etter søknad kan få løyve til å overta ansvaret for tannhelsetenesta frå 2020. Kommunane som deltek i prøveordninga vil bli følgd opp med evaluering fram til 2023 og erfaringane vil gi grunnlag for vedtak om overføring av den samla tannhelsetenesta frå 2023.

Dei økonomiske rammene vil departementet kome tilbake til i seinare budsjettframlegg, men skal vera kjent for kommunane når dei søkjer om å få delta prøveordninga. Dette er ei kartlegging og på bakgrunn av svar på kartlegginga vil departementet seinare sende brev til kommunar som er interesserte i å delta, slik at dei kan søkje om å delta i prøveordninga.

AV: Randi Bjørlo