Sambandet Vest si framtid

nils marton, kenneth og sveinung
UDELT SYN: Nils Marton Aadland (t.v) meiner Sambandet Vest er viktig for Alver kommune, medan Sveinung Toft vil avvikla selskapet. I midten Kenneth T. Murberg som er styremedlem i Selskapet Vest og informerte fellesnemnda om status.

Korleis skal Sambandet Vest organiserast? Og korleis sikra best mogleg brukt av dei 5 millionane Alver kommune har fått til infrastruktur? Dette var sentrale spørsmål i fellesnemnda for Alver kommune sist måndag.

Treng ny form

I dag er det kalla inn til eigarmøte i Sambandet Vest for å drøfta framtidig organisasjonsform.

– Det er gjort vedtak i styret i Sambandet Vest om å sjå på andre måtar å organisera selskapet på enn som eit aksjeselskap, seier Kenneth Taule Murberg, styremedlem i Sambandet Vest. Han seier uroa rundt selskapet er berettiga, og at framdrifta har vore for dårleg.
– Etter kraftig påtrykk frå Radøy og Lindås sine representantar er dagleg leiar sagt opp, og administrasjonen av selskapet er flytta frå Askøy til Meland som har stilt dagleg leiar i ti prosent stilling til disposisjon, seier Murberg.
– Dei fleste private aksjonærane har trekt seg ut. No må ein få på plass eit planprogram for å få til kommunedelplan for prosjektet, og det gjer ein best i den direkte linja i Meland og så via interkommunalt samarbeid, legg Jon Askeland til. Han er vararepresentant for Murberg i styret, der det er klart at ein ikkje ønskjer å gå vidare i eit AS.

Har fått 5 millionar

Murberg seier det er nødvendig med ein breiast mogleg diskusjon om korleis gå fram i prosjektet og andre vegprosjekt i Alver kommune. Fellesnemnda er klar på at ein ønskjer ein tydelegare strategi for Sambandet Vest.

– Det er forslag om å jobba vidare som eit interkommunalt samarbeid, det må eigarane ta stilling til, seier Øyvind Oddekalv (Ap). Han presiserer at det er dagens tre kommunar, og ikkje aksjeselskapet som har fått 5 millionar til infrastruktur for å knyta den nye kommunen saman, primært med Sambandet Vest.
– Sambandet Vest er viktig for Alver kommune, og vi må vera veldig tydelege på at vi ønskjer å få prosjekta realisert. For oss er sambandet mellom Meland og Radøy viktigast, men eg håpar på vidare god dialog med Askøy, seier Nils Marton Aadland (H) som meiner det er eigarane sitt ansvar å få dei rette folka i styret.

I rett rekkjefølgje  

– Det er flott at vi har fokus på dette no. Lindås formannskap har hatt besøk av styreleiar i Sambandet Vest. På spørsmål om korleis ein ser på samanslåingsmidlane, meinte ho at desse var komne til Sambandet Vest og ikkje til Alver kommune. Det er overraskande at ho ikkje meiner at dei er gitt til infrastruktur i Alver kommune, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF). Ho legg til at det er difor Lindås bed om ei sak der ein ser på om Sambandet Vest er riktig verktøy for Alver kommune.
– Eg håper vi får det på eit godt spor, slik at vi kan bruka midlane frå departementet på ein god måte, seier ho.
– Dei 5 millionane vi har fått til å binda saman dei tre kommunane, høyrer heime der og ikkje på Askøy. Eg håper på ny organiseringsform og oversikt over korleis gå vidare med dette, seier Anna Valle (Sp).
– Me treng avlasting til Bergen om det skulle skje noko med Nordhordlandsbrua, seier Bjarte Vatnøy (Frp). Han meiner det bør setjast ned eit utval som kan sjå på korleis nytta midlane best mogleg.
– Me treng eit selskap som har kompetanse og kontinuitet. Og me må ha fokus på dei viktige prosjekta, og ikkje på eit luftslott langt fram i tid, seier Sveinung Toft (V) som ønskjer å avvikla Sambandet Vest.

På rett spor

Sølvi Knudsen (Sp) meiner politikarane sjølve må ta mykje av skulda for at ein ikkje har kome vidare med prosjektet.
– Me må sjå på kor me får mest effekt i forhold til kommunikasjon mellom desse tre kommunane, men må ikkje stella oss slik at vi mister samarbeidet med Askøy, seier ho.

Murberg seier han vil ta med seg dei gode innspela inn i det vidare styrearbeidet i Sambandet Vest.
– Eg kom inn med eit brennande ønske om å få noko til, og no må vi komma vidare. Dei rette folka er viktig, men takk for at vi også Statens Vegvesen med oss som kan få oss på rett spor i prosessen. Det må vera folk som kan og folk som vil, konkluderer han.

AV: Randi Bjørlo