– Kva skal gjerast før 2020?

astrid øyvind og ørjan

Høgre og Frp vil ha prosjekt for næring i Alver kommune.

I fellesnemnda sitt møte måndag la Øyvind Bratshaug (Frp) fram forslag om å starta eit prosjekt for næringsarbeidet i Alver kommune, på vegne av Høgre og Frp. Fleire tok då til orde for at det trengs ein plan slik at det ikkje vert tilfeldig kva prosjekt ein vel å jobba med. Dette vert i første omgang ei oppgåve for saksførebuande utval, som kjem tilbake med sak i eit seinare møte. Det er den ryddigaste måten å gjera det på.

– Det viktigaste er at vi kjem i gang med noko, men eg ser poenget med at vi får ei viss styring på prosessen, seier Bratshaug.
– Det ser ut for at andre kommunar er komne lenger med å setja politiske fotavtrykk i dette arbeidet. Eg tenkjer at det er ufarleg å begynna med næringsarbeid. Det er bra at det ligg nokre verktøy klar som ein kan jobba med 1.1.20, seier Bjarte Vatnøy (Frp).
– Eg opplever at dette er forsøk på oppfølging av det næringsarbeidet som er gjort, og tenkjer at dette er veldig godt opplegg til å jobba vidare med. Då som fellesnemnda sitt vidare prosjekt, og ikkje berre to parti, seier Sølvi Knudsen (Sp).
– Forslaget blir sendt vidare til saksførebuande utval, som også kan sei noko om korleis handtera slike innspel i framtida, konkluderer fellesnemnda sin leiar, Øyvind Oddekalv (Ap).

Andre saker i fellesnemnda:

Også i dette møtet i fellesnemnda vert det orientert om status for prosjekt og planar som det vert jobba med.

Hogne Haugsdal orienterer om planane for felles brann og redning for å utnytta ressursane best mogleg, i samarbeid med næringslivet.
– Ein «moglegheitsstudie» viser at vi har store ressursar og god kompetanse som kan nyttast på ein betre måte. Vi vil etablera «Nordhordland brann og redning» som operativ teneste og feiar/bustadtilsyn. Det må utarbeidast ny brannordning, med struktur og korleis støtte næringslivet. Andre kommunar i regionen kan også knytta seg til. Dette prosjektet vil bli presentert for kommunestyra før sommaren, seier han. Og legg til at rammene er større brann og redningsteneste, utrykkingsleiar på alle stasjonar, vertskommunemodell, organisasjonsstruktur med tre leiarnivå, auka vaktberedskap til Manger og Kaland, styrka ressursar, kurs og kompetanse – i tråd med den nye dimensjoneringsforskriften.

Haugsdal som er assisterande rådmann i Lindås og skal ha ansvar for samfunnsutvikling i Alver kommune, orienterer også om at tre har tilbod om å bli trainee i programkontoret til Alver, der det kom inn 30 søknader.

Radøy-rådmann Jarle Landås orienterer om selskap og kommunereform, med bakgrunn i eit notat frå KS-advokatane. Dagleiar og styreleiar i dei fire IKS’ane vert kalla inn til nærare drøfting om korleis løysa dei utfordringane som ligg i dette.

Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun orienterer om status og vidare arbeid med administrativ organisering.
– Det vert lagt opp til tre leiarnivå. Tre kommunalsjefar skal ha ansvar for oppvekst, helse og omsorg, teknisk drift og forvaltning. På nivå 2 sit tenesteleiarane og på nivå 3 avdelingsleiarane, med om lag 90 avdelingar i Alver kommune, seier han. Og presiserer at det er viktig for leiargruppa å samle alle tenestene for barn og ungdom mellom 0 og 19 år.

Når det gjeld DIGIAlver, vert det jobba med kvar sektor, med frist i byrjinga av juni for tilbakemelding om kva ein gjer med datasystemet vidare. Unnatak er helse og sosial, der er elektronisk pasientjournal tatt ut og ein vil ta stilling til kva ein gjer med det i løpet av april.

Fellesnemnda skal i møtet i mai ha fokus på tannhelsetenesta, støtte til politiske parti og budsjett. Dette skal også vera eit arbeidsmøte om kommunikasjonsstrategi som skal vedtakast i juni.

AV: Randi Bjørlo