– Det kostar å slå seg saman

kyrkjeleg fellesnemnd.jpg
Alver kyrkjelege fellesnemnd: Anne Sofie Uthaug, Meland, Audun Sylta, Radøy og Grethe Lunde (leiar). Torgeir Paulsen, Lindås var ikkje til stades i møtet måndag.

Alver kyrkjelege fellesnemnd har berre fått halvparten av midlane dei søkte om til samanslåingsprosessen, og ønskjer ein open dialog.I fellesnemnda sitt møte måndag vart det informert om prosessen med å slå saman dagens tre kyrkjelege fellesråd til framtidas Alver kyrkjelege fellesråd.

God dialog 

– Det er stor ulikskap mellom dagens fellesråd, og det kostar å slå seg saman. I tillegg til jobben med prosjektorganisasjonen, skal vi driva kulturbygging og bør foreta ein tilstandsvurdering av bygg og anlegg, seier Grethe Lunde, leiar for Alver kyrkjelege fellesnemnd. Ho legg til at dei har hatt eit møte med rådmannen, og eit nytt er planlagt.
– Det er viktig at vi har ein god dialog, seier Lunde og framhevar kyrkja som ein god identitets- og relasjonsbyggar.

Ulik praksis

Audun Sylta, prosjektleiar for Alver og dagleg leiar i Radøy sokn, viser til at fire av fem innbyggarar er medlem av den norske kyrkja, som også er gravferdsmynde for alle.

– Meland og Radøy har eit sokn kvar – med kvar sin tilsett, medan Lindås har sju sokn, med mål om å redusera til tre frå 2020. Talet på tilsette i Lindås er fire.
– Kommunen har ansvar for å dekke kyrkjeleg fellesråd sine utgifter, dette kan erstattast med tenesteyting. I Radøy får vi ein sum kvar månad og inga tenesteyting. Lindås kommune dekkjer IKT og telefon, medan Meland kommune tek gravplassdrifta, vedlikehald av kyrkjebygg, IKT og telefon mm., seier Sylta. Han legg til at dei har starta arbeidet med å greia ut korleis den kommunale tenesteytinga i Alver kommune vil bli. Også Sylta framhevar ei ope line, god kommunikasjon, informasjon begge vegar og samarbeid i forhold til kommunen.

Manglar midlar

Sylta er klar på at Alver kyrkjelege fellesråd må organiserast meir profesjonelt enn dagens tre fellesråd.

– Når de berre løyvde 1,2 millionar av dei 2,4 me søkte om, fordel det kva utfordringar det gjev. Mellom anna er det ikkje pengar til ekstern IKT- og rekneskapsressurs, kulturbygginga mellom dei tilsette vert redusert og her er ikkje midlar til å gjera noko med bygg og anlegg, seier han.

Stiller spørsmål

Dei folkevalde i fellesnemnda er glad for at ein her ønskjer samarbeid og open dialog, men fleire stiller spørsmål ved om det er behov for ei tilstandsvurdering av bygg og anlegg i denne prosessen.

– Eg tenkjer at tilstandsvurdering i og for seg ikkje har med samanslåing å gjera, seier Marit Jøssang (KrF).
– Eg ser poenget ditt, men me håpte at det ville vera mogleg å gjera tilstandsrapport i samband med samanslåinga, kanskje med hjelp frå kommunalt tilsette, seier Sylta.
– Tilstandsvurdering av bygg er gjort på ulike måtar, og ein har tenkt at me må ha nokolunde lik status før første budsjett i Alver kommune, seier Bjarte Vatnøy (Frp) som er fellesnemnda sin representant i Alver kyrkjelege fellesnemnd. I lag med fleire andre viser han til at det er gjort ei rimeleg fersk vurdering av kyrkjebygga i Lindås, og han meiner dette kan vera ein mal for dei andre kyrkjene, slik at ein får eit felles grunnlag.

Ny vurdering

Astrid Aarhus Byrknes (KrF) synest det er positivt at kyrkjeleg fellesnemnd opplever at dei får kontakt når dei ønskjer og at dei kan ha eit godt samarbeid framover.
– Og me har sagt at de kan komme tilbake hit viss ting skjer, seier ho.
– Eg håpar verkeleg at me får informasjon etter kvart som prosessen går fram. Det er veldig nyttig å få veta kva de ikkje får til med dei midlane me har løyvd, seier Sølvi Knudsen (Sp).

– I vedtaket der 1,2 millionar vart løyvd, sa fellesnemnda at vi vil komme tilbake til saka i juni, og sjå dette saman med resten av budsjettet til fellesnemnda. Det handlar om det totale handlingsrommet til fellesnemnda og kva dei 50 millionane vi har fått skal brukast til, seier programansvarleg Ørjan Raknes Forthun.

AV: Randi Bjørlo

Close Menu