Forslag til kommunevåpen

Ser du for deg korleis Alver sitt kommunevåpen bør vera? Hugs at forslaget må leverast innan 15. april.

Barn, ungdom og vaksne er inviterte til å komma med forslag på kommunevåpen for Alver kommune.

– Vi har mottatt mange spennande forslag allereie, men vil gjerne ha fleire før fristen 15. april. Alle innspel vil bli tatt med i det vidare arbeidet med kommunevåpen, seier Nils Marton Aadland. Han leiar komitéen som jobbar med forslag til kommunevåpen for Alver kommune. Dei ønskjer breiast mogleg medverknad frå innbyggarane. Forslaget kan leverast som ei skisse og ein kort forklarande tekst, eller ein tekst med temaforslag.
– Motivet må vera lett å kjenna att og representere den nye kommunen på ein god måte – utan å ha element frå dei tre kommunane sine våpen, seier Aadland.

Send ditt forslag merka «kommunevåpen» til:
Epost: postmottak@alver.kommune.no
Post: Nils Marton Aadland, Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug.

 

Close Menu