Murberg skal leia prosjekt om lokaldemokrati

kenneth taule murberg liggende

Korleis skal Alver kommune organiserast?

Fellesnemnda vedtok 12. mars i år hovudprosjektet politisk styringsstruktur og lokaldemokrati. I møte førstkommande måndag skal dei velja prosjektgruppe til arbeidet med dette politiske prosjektet.

Valnemnda har kome med si innstilling, og dei foreslår Kenneth Taule Murberg (H) frå Radøy som leiar av prosjektgruppa, med Leif Hosøy Sleire (KrF), frå Lindås som nestleiar, og Anne Grete Eide (Ap) og Marit Samnøy Jøssang (KrF), begge frå Meland og Sveinung Toft (V) frå Lindås som medlemmar.

Tett på innbyggjarane

 Hovudmålet er å greia ut og foreslå politisk organisering og struktur for Alver kommune. Gruppa skal mellom anna foreslå tal medlemmar i lovpålagte utval, og til delegering av mynde frå kommunestyret. Nærdemokratiet skal ha fokus, likeeins innbyggjardeltaking i lag med folkevalde sine arbeidsvilkår. Gruppa skal også drøfta korleis ein best kan ta del i Kommunal og moderniseringsdepartementet sitt prosjekt «Fornying og utvikling av lokaldemokratiet».
Dei skal sjå til at innbyggjarane vert informerte om viktige saker, at dei kan påverka kommunale avgjerder, og freista vekkja interessa for å engasjera seg i lokalpolitikken.

Prosjektet skal vera ferdig til sommaren 2019.

Andre saker i Fellesnemnda

Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun vil som alltid orientera fellesnemnda om status for pågåande prosjekt. Blant desse er prosjektet for felles identitet, symbol og felles kultur, og prosjektet for arbeidsgjevarpolitikk.

Det vil også bli orientert om prosessen med å etablera kyrkjeleg fellesnemnd Alver, Nordhordland Brann og redning, og status for arbeidet med administrativ organisering. Likeins vil fellesnemnda bli oppdatert på prosjektet DigiAlver, tilsetjing av trainéer, og selskap og kommunereform.

Drøftar Sambandet Vest

Fellesnemnda vil også få framlagt ei orientering om Sambandet Vest AS, der Lindås kommune har gjort vedtak om å betala inn drøye 53 000 kroner i ny aksjekapital. Då saka vart handsama i formannskapet kom det om forslag om snarleg utmelding. Og då kommunestyret vedtok den nye aksjekapitalen, vart det bede om ei sak der ein vurderer om Sambandet Vest AS er beste verktøy til å styrka infrastruktur i nye Alver kommune. Lindås kommunestyret bed fellesnemnda Alver kommune ta drøfting vedrørande infrastruktursatsing i framtidig Alver kommune.

AV: Randi Bjørlo

Close Menu