– Bli med oss på tur

tre ordførere
UT PÅ TUR: – Bli med oss på søndagstur gjennom dei tre kommunane som skal bli Alver kommune, seier tre turklare ordførarar; Astrid Aarhus Byrknes, Øyvind Oddekalv og Jon Askeland. (Alle foto: Jane Britt Daae)

 

 

 

– Kom og bli med på tur, oppfordrar dei tre ordførarane som søndag inviterer til tur gjennom Alver kommune i lag med turlaget.

Frå Vetås til Håøy 

Søndag 8. april vert små og store inviterte med Nordhordland Turlag og ordførar-trioen i Lindås, Meland og Radøy på tur i det som skal bli Alver kommune. Turen startar på Vetås i Radøy, og går via Fjellsende (608 moh) til Alversund og Tveitevarden, via Isdal og over Hagelsundbrua til mål på Håøy.     Du avgjer sjølv om du vil vera med på turen gjennom dei tre kommunane, eller berre delar av den – alt etter kor langt ein ønskjer å gå.

jon askeland
GLER SEG: – Eg synest det er flott at me startar Alver kommune med noko så folkeleg og bra som ein gåtur i friluft, seier Radøy-ordførar Jon Askeland. Natur og friluftsliv er viktig for Jon som gler seg til søndag.

Vil ha mange med

– Me gler oss til turen, og synest Turlaget sitt initiativ er veldig godt. Turen spleisar folk saman og fremjar helseperspektivet samstundes som turen gjev oss høve til å gå nye stiar i den flotte naturen vår, seier dei tre ordførarane unisont. Dei synest dette er ein god og folkeleg måte å byggja framtidige Alver saman på.
– Bli med du også. Dess fleire me vert, dess trivelegare vert det. Turfolk er trivelege folk, og turgleda er me mange som deler,  seier Jon Askeland.
– Det blir kjekt å vera med på denne turen frå Vetås i Radøy, via Knarvik i Lindås til Håøy i Meland. alver in å nutshell, seier Øyvind Oddekalv.
– Eg gler meg til å oppleve dei ulike turane som ein kan gå i Alver kommune. Kommunen er rik på naturopplevingar, og vi kan rett og slett gå eit skritt av gangen, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Fellesturen med Nordhordland Turlag:

Oppmøte: Parkeringsplass på Flatøy, ved blandeverket søndag 8. april 2018 kl. 09.30. Her vil buss frakte deltakarane til startsstaden – Vetås på Radøy. Turleiar er Børge Brundtland.

Påmelding og pris: Fellesturen vert organisert med turleiar, og busstransport, og krev påmelding til Nordhordland Turlag innan fredag 6.april. For skyss, turleiing og organisering kostar fellesturen kr 100,- for vaksne medlemar i DNT, og kr 200,- for ikkje-medlemar. Barn og unge under 18 år har gratis deltaking (men må melde seg på om dei vil ha busskyss). Det er fint om detakarane kan ha med deltakeravgift i kontantar (utan behov for veksling), eller avgifta sendast på Vipps til Nordhordland Turlag på turdagen.

øyvind oddekalv
REKREASJON: Å komme seg ut i naturen er noko eg set stor pris på, og det er ikkje få problem ein kan løyse berre ein får seg ein tur, seier Meland-ordførar Øyvind Oddekalv. Han gir honnør til turlaget for det flotte initiativet.

Tilpass turen

Turen vil ta 4-5 timar og er gradert som middels krevjande.

– Turen passar dei som likar å bruke dagen ute på ein litt lengre søndagstur. Eit alternativ kan vera å gå langs vegen til Haglsundbrua og Håøy, i staden for via Tveitavarden. Målet er at alle sluttar av på Håøy, der det vert eige arrangement kl. 13-15, seier turleiaren. Han minner alle turdeltakarane om å ta med rikeleg mat og drikke til turen, ha på seg gode, stødige sko og klede etter vêret.

astrid aarhus byrknes
EIT SKRITT AV GANGEN: – Du blir rett og slett glad når du kjem deg ut, og Alver kommune byr på mange ulike turløyper, seier Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes. Ho håpar både vaksne, barn og unge blir med på søndag.

AV: Randi Bjørlo/Jane Britt Daae