Vi byggjer Alver kommune

ørjan R F
LYRISK: Programansvarleg Ørjan Raknes Forthun byrja orienteringa med å sitera ein av Vamp sine tekstar.

Toppleiinga er på plass og arbeidet med å byggja Alver kommune er i godt gjenge fram mot 1. januar 2020.

Den observante lesar har nok merka seg at «Vi byggjer Alver kommune» går igjen både på heimeside og facebook og i all annan kommunikasjon rundt den nye kommunen. Dette vert no brukt som «slagord» for den vidare prosessen fram mot 2020, når Alver kommune er ein realitet.

I kvart møte i fellesnemnda gjev programansvarleg Ørjan Raknes Forthun opp status for prosessen. I mars-møtet orienterte han om at toppleiinga på i alt ni personar er på plass. Lisbeth Toppe Alvær som har ansvar for HR (menneskelege ressursar) og utvikling, startar no arbeidet med arbeidsgjevarpolitikken i Alver.

Felles økonomi

Vidare har assisterande rådmann Martin W. Kulild starta prosessen med å samordna økonomiplanarbeidet i dei tre kommunane. Han seier at samtidig som ein må sjå til at Alver kommune er berekraftig etter 2020, skal det lagast tre ulike økonomiplanar for 2020-2024. – Vi må kvar for oss bruka dei realistiske tala desse neste åra. Budsjetta vil bli konsoliderte til hausten, då vil vi sjå kva vi står saman om, seier Kulild. Fellesnemnda vil få ny oppdatering 7. mai.

Same informasjon

Hogne Haugsdal som har ansvar for samfunnsutvikling, orienterte om at 80-100 ulike prosjekt skal gjennomførast, og at programkontoret vil vera ein støttefunksjon i perioden fram til 2020.

Fleire av dei folkevalde er opptatt av at informasjonen som blir gitt i dei tre kommunestyra, er lik. – Dette er eit av dei tiltaka vi har diskutert, og som vert ein del av kommunikasjonsstrategien som det no vert jobba aktivt med, seier Haugsdal.

Andre saker i fellesnemnda

  • Retningslinjer for styring av politiske prosjekt vart samrøystes godkjende.
    – Gjeldande retningslinjer dekker ikkje samarbeidet administrasjon/politikarar godt nok. Vi skal vera bra dynamiske, og det er viktig å gje tilbakemelding straks ein ser at ting bør gjerast annleis, seier Raknes Forthun.
  • Også mandat for politisk styringsstruktur og lokaldemokrati vart godkjent. I neste møte i Fellesnemnda skal det setjast ned ei gruppe som skal jobba med dette.
  • Støtte til dei politiske partia i Alver kommune har tidlegare vore drøfta i fellesnemnda. No ligg det føre svar frå Kommunal og moderniseringsdepartementet som konkluderer med at partilag som slår seg saman opprettheld støtte saman som dei tidligare hadde kvar for seg, utan at beløpet til partistøtte er auka som følgje av kommunesamanslåing. Det er heller ikkje oppretta andre ordningar for partistøtte. – Vårt forslag var å bruka av dei midlane vi har fått til samanslåing. Dei politiske partia er sentrale i prosessen, og meiner fellesnemnda at vi kan bruka litt av pengane vi har fått frå staten til å bygga ny kommune, til politiske parti, ser eg ikkje problemet. Partistøtta går sin gang uansett, seier Anna Valle (Sp). Etter ein del diskusjon vart fellesnemnda samd om å be administrasjonen om å få opp ei sak til votering i neste møte.
  • Øyvind Bratshaug (Frp) i næringskomiteen orienterte frå «Kva no»-møtet som vart halde i Knarren i februar, og som er omtala her som eiga sak tidlegare. Både Bratshaug og Karl Vågstøl (H) som er med i komiteen er opptatt av at dei punkta som kom fram etter gruppearbeid på møtet, ikkje berre vert lagt i ei skuff. Fellesnemnda vil få tilbake ei sak om korleis jobba vidare med dette.

AV: Randi Bjørlo

Close Menu