Kommunevåpen

kommunevåpen-komite
ØNSKJER INNSPEL: Komiteen som jobbar med kommunevåpen til Alver kommune vil at flest mogleg skal engasjera seg og komma med forslag til nytt kommunevåpen. Frå venstre: Kirsti Gjetle Floen, Asle Hetlebakke, Sølvi Knudsen, Nils Marton Aadland (leiar) og Nina Stabell Øvreås. (Foto: Randi Bjørlo)

No har du moglegheit til å kome med innspel for korleis kommunevåpenet til Alver kommune skal sjå ut.

Kva tenkjer du på når du høyrer Alver kommune? Kva står me for og kva er me stolte av? Motivet må vere lett å kjenne att og representere den nye kommunen på ein god måte.

Frist for å komme med innspel
Siste frist for å komme med innspel er søndag 15. april 2018.

Retningslinjer for innspel
Dette er ingen konkurranse.  Målet er å få så mange og gode innspel at me kan hente ut nokre hovudtrekk som me kan ta med oss vidare.
Me ønskjer ei skisse og ein kort forklarande tekst, eller om du berre vil sende inn ein tekst med temaforslag for kommunevåpenet, er det sjølvsagt også greitt.
Det nye kommunevåpenet skal ikkje ha element frå dagens kommunar sine våpen.

Her kan du registrere forslaget ditt
Merk sendinga med «kommunevåpen»
Epost:   postmottak@alver.kommune.no
Post:     Nils Marton Aadland, Meland kommune, Postboks 79, 5906 Frekhaug

 

Hovudreglar (Kjelde: Arkivverket)

  • Et våpen skal inneholde ett metall og én farge:  sølv eller gull + rødt, blått, grønt eller svart.
  • Våpenet skal inneholde bare ett motiv, men samme motiv kan gjentas flere ganger.
  • Motiv skal fremstilles generelt, uten individuelle trekk.
  • Motivet skal fremstilles i flatestil, det vil si todimensjonalt, uten bruk av skyggelegging og perspektiv.
  • Motivet skal være så enkelt at det er lett kjennelig også i liten størrelse eller på lang avstand.
  • Motivet skal fylle skjoldflaten godt.