Kva er det viktigaste no?

Silje Andvik Hoaas FARGE
Silje Andvik Hoaas informerte fellesnemnda om arbeidet med kommunikasjonsstrategien. (Privat foto)

Det var eit sentralt spørsmål i fellesnemnda sitt møte på Manger måndag.

I intensjonsavtalen står det at «ein felles kommunikasjonsstrategi skal utarbeidast med målretta satsing på ekstern og intern informasjon». Dette arbeidet er no i gang.
– Kommunikasjonsstrategien det vert arbeidd med, gjeld for endringsprosessen og skal bidra til at vi går i riktig retning, seier prosjektleiar Silje Andvik Hoaas. Ho meiner ein vil lukkast best om ein vel dei tiltaka som gir god kvalitet, meir enn kvantitet, og om ein har blikket på målet heile tida.
– No er det eit tungt internt fokus som er viktig. Dei tilsette kan bli gode ambassadørar for Alver kommune.   Tanken er at dei skal rustast og brukast aktivt, seier Hoaas. Ho legg til at den tunge, eksterne involveringa vil komme seinare når Alver kommune sin samfunnsdel og kommunikasjonsstrategi skal formast.

Trygge tilsette

– Kva er viktigast no? For innbyggarane er det ikkje kommunevåpen og slagord, men kanskje heller kva skjer med infrastrukturen? Eg vil gjerne at vi får tilbakemelding frå innbyggarane om kva som er viktig for dei, seier Bjarte Vatnøy (Frp).
– Eg trur svaret vil variera utifrå kor dei står i prosessen. Det er viktig å spørja innbyggarane når vi skal jobba med samfunnsdelen, seier Hoaas.
– Det viktigaste no er at dei tilsette får informasjon som gjer at dei føler at dei har oversikt over kva skjer i og rundt arbeidsplassen til kvar enkelt i tida mot Alver kommune, seier Nina Bognøy (Ap).
– Det viktigaste er god kommunikasjon med dei tilsette. Og innbyggarane vil ha svar på kva betyr dette faktisk for meg, seier Leif H. Sleire (KrF). Han meiner alle leiarar må ha fokus på kva kommunisera ut, med god hjelp frå info-avdelinga.
– Eg er einig. Me er heilt avhengig av at tilsette føler seg trygge, seier Sølvi Knudsen (Sp).
– God intern kommunikasjon er viktig. Trygge tilsette er avgjerande for at vi leverer gode tenester, seier Nils Marton Aadland (H).

Må informerast

– Kommunestyrene har dette på dagsorden i kvart møte, og på alle interne møte må det orienterast om status i prosessen. Ingen må føla at dei vert forbigått, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
– Ein må også sjå på dei prosjekta som er i sving, og interessentane som er involverte, seier Øyvind Brattshaug (Frp).
– Nett no er det leiarane som må rustast til å gje rette informasjon på rette måten. Elles følgjer vi med i alle prosjekt og det er viktig at kommunikasjonsstrategien samlar og er ein støttespelar for prosjekta.
– No er vi i neste fase, midt i prosjektmetodikkens verd. Veldig spennande. I forhold til ekstern kommunikasjon må også Alver kommune oppfattast som ein vinn-vinn og ikkje trussel for nabokommunane, seier Jon Askeland (Sp).

Steg for steg

– Kommunevåpen fangar noko, eit slagord fangar noko. Det vert mange brikker saman som seier kva er Alver kommune. Me må passa på at ikkje ting snakkar mot kvarandre, seier Marit Jøssang (KrF).
– I Lindås hadde vi prosess rundt slagordet som ikkje heng saman med kommunevåpenet vårt. Kanskje prosessen med slagordet må takast i Alver kommune, seier Astrid Aarhus Byrknes (KrF).
– Dette er ein viktig del av ein modningsprosess, og vi kan ikkje skriva ferdig historia til Alver kommune før den er blitt ein realitet, seier Silje Andvik Hoaas.

7. mai skal det vera arbeidsmøte om kommunikasjonsstrategien i fellesnemnda, og
4. juni skal så strategien vedtakast.

AV: Randi Bjørlo

 

Close Menu