Historia må vera med

Alver kommune byggjer på historia til tre ulike kommunar, dette bør dokumenterast.

I lag med kulturen, beste praksis og dyktige medarbeidarar, må også historia til dei tre kommunane, og sjølve samanslåingsprosessen vera med inn i Alver kommune, meiner fellesnemnda.

Må dokumenterast

– Store ting er bra. Då kongen var på besøk, lagde vi film. Burde vi ikkje dokumentera noko av det som no skjer? Kanskje vi kan få avtale med eit firma om å få lagt ut videosnuttar med ei oppsummering til slutt. I 2035 vil det som skjer rundt samanslåingsprosessen og kven som er med, vera kjekt å kunna sjå tilbake på, tenkjer eg, seier Bjarte Vatnøy (Frp) i fellesnemnda måndag.
– Eg har fått innspel om at kvar kommune burde laga oppsummering av det som har skjedd sidan 1964. Vi må sjå på korleis få historia vår med inn i Alver, og dette er eit forslag å ta med vidare, seier Astrid Aarhus Byrknes.

Ho la fram status for arbeidet i kulturkomiteen om planlagte tiltak i 2018. – Korpsa sitt år er det som har hatt hovudfokus. Alver blir den kommunen i landet, og i nord-Europa med størst korpstettheit. Det må vi bruka for alt det er verdt. Kultursjefane har hatt møte med korpsa, og det vil vera ei markering til hausten i samband med korpsa sitt år. Korpsa har det så travelt at vi rekk ikkje å få til noko i vår, seier ho. – Vi er også opptatt av å bli kjent i kommunane, og oppmodar alle om å bli med på felles tur med turlaget 8. april. Også kystsogevekene rett over ferien gir høve til å gjera noko saman, seier Byrknes.

Bil-quizløp

– Her er veldig mykje spennande på gang. Eg synest 15 ulike turar i Alver er ein kjempeide. Me skulle også hatt forslag til kjøreturar for å bli kjent i dei andre kommunane, sjå kvarandre sine plassar, seier Marit Jøssang (KrF).
– Eg vil gjerne foreslå at nokon arrangerer quizløp med bilar. Samtidig trur eg det er veldig viktig at vi profilerer på heimesidene at meg gjerne vil høyra folket sine forslag til korleis bli kjend, seier Ståle Hauge (Ap).
– Her er mange gode innspel som vi må ta med oss i det vidare arbeidet, seier leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv.

Kulturkomitéen som består av ordførarar og kulturmedarbeidarar i dei tre kommunane, og informasjonskonsulenten i Lindås var i utgangspunktet beden om å leggja fram ei sak om korleis markera korpsåret. Dei vil no jobba vidare med dei kreative innspela frå fellesnemnda.

Av: Randi Bjørlo