Flatøy vert gnr 1 i Alver

flatøy

Som ei fylgje av kommunesamanslåinga vert gardsnumra i Meland og Radøy endra, med eitt unnatak.

Kartverket har etter gjeldande prinsipp kome med forslag om at Lindås som største kommunen (med flest matrikkeleiningar) får behalda sine gardsnummer (gnr). Meland får lågaste ledige 100-tal tillagt sine eksisterande nummer (dvs. 300), og Radøy får tillagt første ledige 100-tal etter dette (dvs 400).

Lindås har i dag gnr 4-70 og 80-248, Meland har gnr1 og 4-57, og Radøy har gnr 14-103.

Gode argument

– Lindås får behalda sine gardsnummer. Meland får omnummerert sine til gnr 304-357, og Radøy til gnr 414-503, seier Anngunn Gullbrå, fagansvarleg GIS/geodata i Meland kommune, og leiar for matrikkelprosjektet for Alver kommune.
– Geodatakontaktane syntest framlegget frå kartverket virka greitt, men me syntest det ville vera synd om Alver kommune vart utan gnr 1. Me vart difor samde om, med fullmakt frå styringsgruppa, å søkja om at Meland sitt gnr 1 skulle bestå i den nye kommunen, seier Gullbrå.
– Gnr 1 Flatøy var gnr 1 i tidlegare Hamre kommune og vart overført til Meland ved kommunesamanslåinga i 1964. Det var såleis viktig å ta vare på denne historia, seier Gullbrå. Ho legg til at gnr 1 har flest matrikkeleiningar av alle gardsnumra, med vel 420 einingar på øya. I søknaden til kartverket vert det også vist til at øya Flatøy er innfallsporten til Alver kommune, når ein kjem til Nordhordland frå Bergen. Vidare har ingen av dei tre kommunane gnr 2 og 3, slik at det ikkje får negative konsekvensar for samanhengen av bruksnummer.

– Kartverket godkjente framlegget vårt 19. februar, og påpeikar at kommunane her har gjort ein god innsats i arbeidet med nye gardsnummer, seier Gullbrå.

Ingen namnekrig

I fellesnemnda måndag spør Leif H. Sleire (KrF) om ein også ser på stadnamna i dei tre kommunane, og viser til at Knarvik til dømes heiter Ytre Gjervik.
– Me har ikkje tenkt å opna noko namnekrig i denne samanhengen, seier Gullbrå.
– Kva med bygder som har like namn? Blir det trøbbel, spør Nina Bognøy (Ap).
– Ikkje generelt, men når det gjeld adresser kan det bli endring, svarar Gullbrå.

Utfordrande adressenamn 

Ho legg til at ein kanskje må vurdera nokre adressenamn.
– Me har sett litt på dette, og her er 17 ulike namn som må sjåast nærare på, men ingenting er så langt bestemt, seier Gullbrå.

Til dømes har Radøy Kolås, Langhøyane og Askelandsvegen og –neset, medan Lindås har Kolåsvegen, Langheiane og Askelandsvågen. Radøy har Jonsokhøyen og Sætrevegen, medan Meland har Jonsokgrenda og Sætrevikvegen og –marka. Lindås har Juvikstølen, Lyngvegen og Krossneset, medan Meland har Juviknipa, Lyngnesvegen og Krossleitet.

– Dette er ei utfordring for utrykkingskjøretøy, så ta gjerne kontakt med dei. Deira liste er truleg lenger, seier Ståle Hauge (Ap).

 

FAKTA: Lindås har 13640 matrikkeleiningar, Meland 6124 og Radøy 5578. Matrikkelen er Norges offisielle register over fast eigedom, herunder bygningar, bustadar og adresser. (Kjelde: Kartverket.no)