Korleis spleisa kommunane?

ebml

Korpsstafett, felles kulturarrangement og stolte tilsette er blant moglege kulturelle og identitetsskapande tiltak på vegen mot Alver kommune.

Korpsår

Førstkommande måndag vil kulturkomiteen som vart nedsett i januar, orientera fellesnemnda mellom anna om markering av at 2018 er korpsa sitt år. Komiteen presiserer at det er viktig at ikkje planlegginga skjer utan at korpsa er involverte, men dei har likevel nokre innspel på arrangement som kan diskuterast. Desse er ein korpsstafett, fellesarrangement i samband med årets NM i Stavanger, oppstartseminar for alle korps i Alver til hausten, og eit faktahefte som fortel om verda beste korpskommune.

(Kul)tur

Korpsfokuset utgjer fase 1 av prosjektet som kulturkomiteen deler i tre ulike fasar. I fase 2 vil ein sjå på andre kulturaktivitetar som kan gjennomførast det neste halvåret, med hjelp av kulturmedarbeidarane i dei tre kommunane. Eit mogleg samlande alternativ er at kulturskulegrupper frå kommunane bidrar på avslutningsarrangementet på kulturdagane i Radøy. Andre forslag er etableringa av 15 ulike turar i Alver, felles Alver-arrangement under Kystsogevekene, og YT-stafett som skal bidra til stolte tilsette i Alver. Kulturkomiteen presiserer at tilsette er viktige ambassadørar frå Alver kommune.

Kva skjer?

Fase 3 må sjåast opp mot mål og tiltak i kommunikasjonsstrategien, som kulturkomiteen meiner må leggja grunnlaget for det vidare arbeidet. Dei meiner det bør utarbeidast eit kulturprogram som går frå juni 2018 til juni 2020 som er knytt opp mot det som skjer i kommunane – med lag og organisasjonar ved roret. Det må også avklarast kva lag og organisasjonar kan forventa av kommunane. Og komiteen ønskjer at dei skal bli inviterte til eit felles møte, med ein spennande foredragshaldar.

Status

Andre saker som skal opp i fellesnemnda måndag er retningsliner for styring av politiske prosjekt, og mandat politisk styringsstruktur og lokaldemokrati.
Det vil vidare bli orientert om status for pågåande prosjekt om felles identitet, symbol og kultur, og om kommunikasjon og arbeidsgjevarpolitikk. Dei vil vidare bli orientert om programkontor, elektronisk verktøy, samordning av økonomiplanarbeidet i kommunane og toppleiargruppa. Nemnda vil få ein rapport frå næringspolitisk gruppe som var medarrangør av årets «Kva no»-møtet.

Støtte?

Det har i fellesnemnda vore stilt spørsmål rundt partistønad til samanslegne parti i kommunereforma. I ein epost til Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes svarar statssekretær i Kommunal- og moderniseringsdepartementet: «Partilag som slår seg sammen opprettholder støtte sammen som de tidligere hadde hver for seg. Selve det bevilgede beløpet til partistøtte er ikke økt som følge av kommunesammenslåinger. Det er heller ikke opprettet andre ordninger for partistøtte.»

AV: Randi Bjørlo

 

Close Menu