Alver er godkjent

 

 

øyvind spretter kake
MILEPÆL: Øyvind Oddekalv spretter kaka som markerer at Alver kommune er godkjent.

– Ein milepæl og ein gledens dag, seier Øyvind Oddekalv, leiar i fellesnemnda

I føremiddag kom forskrifta frå departementet som stadfestar godkjenning av Alver kommune. Dermed er ein ny milepæl nådd for dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy som skal bli til ein frå 1. januar 2020. Så alle de som har stilt spørsmål ved om namnet er godkjend, er svaret no at det er det.

Godt samarbeid 

– Vi har sendt vår innstilling til departementet, og først i dag vart namnet Alver offentleg godkjent, seier Oddekalv som vel eigentleg ikkje har vore uroa for at kommunal og moderniseringsdepartementet (KMD) ikkje skulle godkjenna det arbeidet som så langt er gjort for framtidige Alver kommune.

På telefon til Lindås-ordførar Astrid Aarhus Byrknes stadfestar statsråd Monica Mæland at dette har vore ei enkel sak for departementet. Ho viser til at dei tre kommunane har jobba godt og vore veldig samstemte i prosessen, også når det gjeld val av namn på den nye kommunen.

kakespising
KAKEFEST: Astrid Aarhus Byrknes, Ørjan Raknes Forthun, Øyvind Oddekalv, Jarle Landås og Martin W. Kulild markerer at Alver er godkjent som namn på den nye kommunen.

På FaceTime

At namnet no er godkjent og ikkje kan gjerast om, vert markert med kake på ordførarkontoret i Knarvik. Radøy-ordførar Jon Askeland er med på FaceTime frå Nederland.
– Representantane frå Hordaland som er med Nordsjøkommisjonen, snakkar veldig positivt om Alver. Det betyr at me gjer noko bra og at me jobbar godt, seier han.

I forskrifta vert det også stadfesta at det nye kommunestyret skal ha 47 representantar, og at dagens vedtekter og forskrifter i dei tre kommunane skal gjelda inntil nye lokale vedtekter og forskrifter er fastsette av Alver kommunestyret, innan 1. januar 2021.

Kommunevåpen og korps

Det vidare arbeidet med å forma framtidige Alver kommune pågår for fullt. Programansvarleg Øyvind Raknes Forthun og hans stab jobbar med å få organisasjonen på plass fram mot sommaren.

Ei eiga gruppe jobbar med identitet, symbol og felles kultur. Dei har mellom anna frist på seg til utpå hausten med å komma med forslag til kommunevåpen. I denne prosessen vil etter kvart barn og unge i dei tre kommunane bli inviterte til å komma med sine forslag. Gruppa sin leiar, Nils Marton Aadland vil orientera om deira arbeid i neste møte i fellesnemnda, 12. mars. Kommunevåpenet skal ikkje godkjennast av departementet, den avgjerda vert tatt lokalt.
I same møte skal kulturgruppa leggja fram sine planar for feiring av korpsa sitt år. I samarbeid med dei mange korpsa i kommunane vil dei laga ei storstilt markering til hausten.

Felles turlagstur

Med Børge Brundtland som turleiar og dei tre ordførarane som sjølvskrivne deltakarar, inviterer Nordhordland Turlag og Bergen og Hordaland Turlag til ein 5-6 timar lang fellestur gjennom desse tre kommunane som skal bli til Alver kommune. Datoen er 8. april, og startstaden er Vetås på Radøy. Derfrå går turen over Fjellsende til Alversund, vidare til Tveitavarden, Indregardsfjellet til Knarvik og over brua og til Flatøy og Håøytoppen. På Håøy vert turen avslutta med grilling og servering, og tanken er at turfolket skal kunna kobla seg på turen undervegs.

Engasjerte ungdomar

Både programansvarleg og ordførarane har hatt møte med dei tre ungdomsråda som nyleg hadde helgesamling ved Kvalheim fritid på Radøy.
– Ungdomane er veldig engasjerte og er opptatt av korleis dei på best mogleg måte kan bli eit ungdomsråd. Likeeins er dei opptatt av kommunikasjon slik at dei kan bli kjent på tvers av dagens kommunar. Og dei vil gjerne ta del i kommunane sitt lokaldemokrati-prosjekt, seier Astrid Aarhus Byrknes.

AV: Randi Bjørlo