Leiargruppa til Alver kommune

Leiargruppa tett på 2 NETT
LEIARGRUPPA: Frå venstre: Leni Dale, Anny Bastesen, Jarle Landås, Kristin Moe, Ørjan Raknes Forthun, Lisbeth Toppe Alvær, Martin W. Kulild, Janne Sund og Hogne Haugsdal.

 – Dette er eit sterkt lag med god fordeling av kvinner og menn frå alle tre kommunane, seier programansvarleg Ørjan Raknes Forthun om den nye leiargruppa til Alver kommune .

Arbeidet med å byggje Alver kommune er godt i gang. I november vart det klart kva roller dei tre rådmenna skulle få, no er heile leiargruppa på plass. Dei hadde sitt første møte tirsdag denne veka.

Alver kommune sine leiarar:

• Ørjan Raknes Forthun, rådmann (Lindås)

• Martin W. Kulild, assisterande rådmann (Meland)

• Jarle Landås, assisterande rådmann (Radøy)

• Hogne Haugsdal, samfunnsutvikling (Lindås)

• Lisbeth Toppe Alvær, HR og utvikling (Radøy)

• Janne Sund, økonomi (Lindås)

• Leni Dale, helse og omsorg (Lindås)

• Kristin Moe, oppvekst (Lindås)

• Anny Bastesen, teknisk drift og forvaltning (Meland)

Leiar for investeringsprosjekt

Det er i tillegg bestemt at Alver kommune skal ha ein eigen prosjektavdeling for store investeringsprosjekt innan veg, vatn, avløp og eigedom. Leiaren for denne avdelinga er ikkje rekruttert enno, men blir også ein del av leiargruppa.

Rekrutteringsselskapet Visindi har bistått programleiinga i arbeidet med utveljinga. I tillegg har koordinerande tillitsvalt Jarle Næss vore med på prosessen.

Organisasjonskartet først

– Prosessen har vist at vi har mange dyktige leiarar i kommunane våre. Eg er stolt over den nye leiargruppa og ser fram til samarbeidet, seier Raknes Forthun.

Den første oppgåva til leiargruppa blir å teikne det nye organisasjonskartet. Deretter skal neste leiarnivå på plass, før arbeidet med å byggje nye fagavdelingar kjem i gang.

 

Close Menu