Kreative idear for framtida

karina og einar
INNLEIA: Karina Garnes Reigstad og Einar Vaage held begge interessante innlegg under «Kva no» i Knarvik mandag kveld.

Visningsturar og årlege vegfestar, bybane og byggesaksvakt i Knarvik senter er blant ideane etter årets «Kva no»-møte i Knarren måndag kveld.

– Vi har fått ein del idear som vi skal ta tilbake til fellesnemnda. Ein god del spenstige innspel som nemnda kan utfordrast på og som vi må få inn i det vidare næringsarbeidet slik at vi får sett eit skikkeleg fotavtrykk etter denne kvelden, oppsummerer Øyvind Bratshaug i arbeidsgruppa for nye Alver. Dei stod bak næringskonferansen «Kva no» i lag med Nordhordland Næringslag, Industriutvikling Vest og Regionrådet Nordhordland IKS.

Hanne Wetland frå selskapet Netlife leiar gruppearbeidet, der om lag 600 ulike idear innafor seks ulike område vert skrella ned til 60. Desse er bearbeidd av Wetland og sende tilbake til arrangørane.

gruppe4

Kulturhus og bybane

I tillegg til dei nemnde forslaga, er kulturhus i Knarvik, elektrisk bybane frå Ågotnes til Meland, nasjonalt senter for petroleumskraft og autonomt fiske på lista. Likeeins ei årleg Nordhordlandsveke, eit formidlingsmediehus med ansvar for dei gode historiene i regionen, ny Alversund bru, enkle sjekklister og effektiv mobilsaksbehandling, shuttlebuss, lokal næringsminister, investornettverk og inkubator for innvandrarar.

Næringsliv eit must

– Ein kommune utan næringsliv er utenkeleg. Kveldens tema skal ta vare på og utvikla dei næringsplassane vi har, og utvikla nye, seier Svein Nordvik som meiner ein må sjå heile regionen under eit. Nordvik går av som leiar i Nordhordland Næringslag i vår, og vart takka for innsatsen som «Kva no?»-konferansen sin ideskapar og pådrivar. Baste Tveito tar over sjefsjobben i næringslaget i april.

salen

-Pilene har snudd

Slik vi har skrive i eiga sak, innleia Monica Mæland, kommunal og moderniseringsminister på konferansen, før ho måtte fly tilbake til hovudstaden. Ho peikar på tre ulike endringar som har medført tøffe tider for landet og næringslivet; nedgang i olje og gass-næringa, ei rivande teknologisk utvikling og digitalisering, og «det grøne skiftet».
– Pilene har snudd, fleire kjem i arbeid og vi har økonomisk vekst, seier Mæland. Ho er imponert over Knarvik vidaregåande som er i førarsetet når det gjeld utdanning, og verksemda «Motitech» frå Meland og deira teknologi for å halda eldre og demente i aktivitet.

gruppe3

– Kva skjedde?

Einar Vaage, regiondirektør i Atea, busett i Knarvik utfordrar dei vel 80 deltakarane på om me er spenstige nok i denne regionen. Vaage som minnest møbeleventyret, fiskeforedlinga og meierihistoria før Mongstad, viser til at ingen av dei 100 største verksemdene i fylket, er frå Nordhordland.
– Gløymde me å driva næringsutvikling i så stor skala som vi burde då Mongstad kom, spør han.Vaage viser til at Nordhordland vert omtala som ein fantastisk plass med verdas beste brassband, men det står ingenting om næringsliv på wikipedia. Han drar parallellar til Austevoll og Fosnavåg på Sunnmøre, der næringsliv straks kjem opp på søkemotoren.

– Austevoll har ein skikkeleg heftig gründerkultur, det hadde vi også før 1972, seier han. – Dei investerer lokalt, leiarar hjelper nye bedrifter i gang, dei er veldig ambisiøse, ser etter store marknader og ungdomen flyttar heim etter utdanning. Det viser at me har eit potensiale, seier Vaage.

gruppe1

Smartaste kommunen

Også han framhevar teknologiverksemda «Motitech» frå Meland.
– Lat dei veksa og få hjelp når dei treng det. Levealderen aukar og det trengs smarthusteknologi for at me skal kunna bu lengre heime. Lindås er leiande på velferdsteknologi. Ein av dei mest veksande marknadane, der eg saknar lokale aktørar, seier Vaage. Han trekkjer vidare fram annan smart teknologi som gatelys som slår seg på når du er i gata, og har ladepunkt for elbil, sensorstyrte parkeringsplassar og søppelhandtering med sensor i spanna.
– Alver må bli den smartaste kommunen, utfordrar Vaage. Han meiner ar det må skapast kultur for gründerar med lokal kapital i ryggen, for innovasjon i etablerte bedrifter med idear og risikokapital, og ungdom med studiepoeng må inviterast heim til eit næringsliv med spennande jobbar.
– Me kan når me verkeleg vi, seier han og trekkjer fram Eikanger Bjørsvik som døme.
– Me må våga å setja oss høge mål og våga å snakka om det, sjølv om me er strilar, er den klare oppmodinga frå Einar Vaage.

gruppe2

Ein grøn gigant

Karina Garnes Reigstad, lokallagsleiar i Miljøpartiet dei grøne (MDG) i Meland spør kva retning ein må gå i.
– Norge har knapt grøn vekst, og er dårlegast i klassen blant dei nordiske landa. Vi må gå i same retning som resten av verda. Ein grønare retning. Resten av verda går mot eit null-utslepp, det må også denne regionen, seier ho. Og legg til dersom vi klarar sjå alle utfordringar som moglegheiter, har vi eit godt utgangspunkt.
– Det nye eventyret er grønt og mangfaldig. Mongstad kan bli ein grøn gigant, sjølve navet i hjulet som dreier regionen i ein grønare retning, med heile regionen som pådrivar, seier ho.
– Alver kommune må setja tydeleg retning, hjelpa nye bedrifter til å veksa, satsa meir på forsking, digitale system, ny kompetanse for framtida og vera ein smart og ansvarleg innkjøpar – med god statleg hjelp. Vi kan ikkje gjera dette åleine, seier MDG-leiaren.

Samarbeid avgjerande

– Nordhordland må gå i same retning som resten av verda og bruka våre konkurransefortrinn innan berekraftig utvikling. Vi må laga plan, mål og visjon, skapa og utvikla evna til å spela på lag og heia kvarandre fram. Vi greier det berre om vi samarbeider, seier Karina Garnes Reigstad.

AV: Randi Bjørlo

 

 

 

Close Menu