Korleis involvera innbyggarane?

ordførerene
INVOLVERA: Øyvind Oddekalv, Astrid Aarhus Byrknes, Jon Askeland og resten av fellesnemnda ønskjer å involvera flest mogleg av innbyggarane for å få til ein best mogleg Alver kommune.

 

Skal ein sikra eit godt lokaldemokrati, må flest mogleg ta del.

Fellesnemnda for Alver kommune har hive seg rundt og blitt med i eit toårig prosjekt initiert av kommunal og moderniseringsdepartementet – om lokaldemokrati i samanslåingskommunar. – Vi får inntil 100 000 kroner i prosjektmidlar utbetalt i år, seier leiar i fellesnemnda, Øyvind Oddekalv.

Spørjeundersøking

I Lindås, Meland og Radøy skal det i løpet av februar gjennomførast ei spørjeundersøking for å sjekka ut sterke og svake sider. – I eit kommunestyremøte skal alle representantane svara på spørjeundersøkinga. I tillegg vert 25 tilfeldig valde folk bedne om å svara på 14 spørsmål. Resultata blir presenterte i eigen kommune, og på bedrekommune.no –der innbyggarane kan gå inn og sjekka, seier Martin Kulild, rådmann i Meland. Han legg til at tilsvarande undersøking kan gjerast i 2020, om ein ønskjer det.

Kva er forventningane?

Til møtet i fellesnemnda mandag, var kvart politisk parti blitt utfordra til sei noko om forventningar til lokaldemokratiet i Alver kommune.

Nina Bognøy (Ap) viser til at det er ein styrke at mange er innom lokaldemokratiet i form av politiske verv og soleis får kjennskap til korleis ting fungerer. – Partia må vera seg bevisst ansvaret dei har med å få demokratiet ut til folk. Og når vala er gjort og kommunestyra sett, må ein syta for å halda interessa hjå innbyggarane, seier Bognøy. Ho meiner kommunen og det politiske nivået må vera gode og tilgjengelege på dei plattformene dei skal vera på. – Innbyggarane har forventingar om å bli møtt og svart, og me må vera bevisst vår rolle som ombod, seier ho.

Open og inkluderande

Leif Hosøy Sleire (KrF) ser lokaldemokratiet frå tre perspektiv; korleis politikarane jobbar, korleis prosessar blir forankra, og korleis lukkast med gode tenester til innbyggarane. – Det er viktig å få til eit godt program, og gode kandidatar som har fokus på heilskapen i den nye kommunen med nær 30 000 innbyggarar, seier han og framhevar opne prosessar og dialog med innbyggarane når overordna planar skal lagast. – Oppsummert må me lukkast med gode prosessar, involvering av innbyggarane, og aktiv styring av dei ulike tenestene, seier Sleire.

Grundig og god jobb

Anna Valle (Sp) seier planar er dei folkevalde sine verktøy i oppgåve med å styra dagens kommunar, og at dei må bruka tid på å gjera ein god jobb. – Me ønskjer at Alver kommune skal vera ein god kommune å bu i for alle. Både folkevalde og administrasjon må gjera seg kjent rundt om, og det må brukast tid, krefter og pengar på dialog med innbyggjarane, møta folket og samhandla med frivillig sektor, seier Valle. Ho er oppteken av at dei som tar kontakt med kommunen må få ei tilbakemelding uansett. Vidare må dei folkevalde sikrast eigne møterom og nok tid frå administrasjonen legg fram sakene vedtak vert gjort.

På lag med næringslivet

Karl Vågstøl (H) seier ein av Alver sine viktigaste funksjonar vert gode tenester til innbyggarane, uavhengig av kor dei bur. – Kommunen må vera open og leggja til rette for brei innbyggardeltaking. Medverknad frå ungdom er svært viktig, og vi må stimulera til mangfald av frivillige organisasjonar, seier han. – Partilaga må vera aktive, aktiv eigarstyring i interkommunale selskap, kanskje må oppgåvene organiserast annleis. Vi må styra mot berekraftig utvikling, i samarbeid med lokalt næringsliv. Økonomisk handlingsrom, og gode prioriteringar sikrar dette, seier Vågstøl.

Demokrati-dialog

Øyvind Bratshaug (Frp) deler mykje av det som alt er sagt. – Folket er dei vi skal tena, det er det viktigaste. Vi må få til demokrati-dialog på ulike plassar og på ulike nivå, for å få folk til å engasjera seg, seier han. – Namnesaka eit godt døme på ein god prosess med bra engasjement. Me må få det til ute der folk er, ikkje vera introverte i prosessen, seier Bratshaug som meiner det er uhyre viktig å gje folk tilbakemeldingar og sikra at dei folkevalde er i kontakt med folk rundt seg.

Heile kommunen

Sveinung Toft (V) er opptatt av representativitet, geografisk tilslutning, legitimitet og lokalkunnskap i heile kommunen. – Vi må sikra ein god, engasjert valkamp i 2019 der vi tar heile kommunen i bruk, og tenkje geografisk fordeling når vi skal sloss om postane, seier han. – Vidare må det vera god møteleiing og god opplæring i spelereglar for Alver kommune, utan hersketeknikkar. Administrasjonen må vera flink med info på heimesider, ta i bruk nye mediekanalar og vi kan gjerne filma kommunestyremøta, seier Toft som også meiner at ytringsfridom for dei tilsette gir kunnskap om det som rører seg i organisasjonen..

Fleire er opptatt av korleis denne starten på prosessen med lokaldemokratiet skal brukast vidare. – Tanken er å komma tilbake med sak i neste møte om korleis jobba vidare med dette, seier Oddekalv.

Eit godt døme

Før møtet i fellesnemnda vert avrunda, gjev assisterande rådmann i Lindås, Hogne Haugsdal, fellesnemnda ei orientering om korleis kommunen involverte innbyggarane då Lindås jobba med sin samfunnsplan. – Heile kommunen var involvert via besøk på kjøpesenter, hurtigbåtkaia, bibliotek, gjestebod, dagsenter, frivilligkonferanse, digital spørjeundersøking, ungdomsråd, skular og barnehagar, seier han. Og legg til at dei la vekt på å bruka eit enkelt, klart språk, ein tydeleg visuell profil, å vera tydeleg og aktiv på sosiale medier og invitera seg ut på ulike arrangement og i ulike fora. Prosessen resulterte mellom anna i 267 barneteikningar og 305 unike forslag via spørjeundersøkinga. – Alle konkrete tiltak blei til overordna mål og strategiar. Tiltak som ein vil gjennomføra må vera finansierte. Det er det vi har trent mest på å få til, seier Haugsdal.

AV: Randi Bjørlo

 

 

 

 

 

Close Menu