– Er vi spenstige nok?

12. februar vert du invitert til å diskutera framtidas næringsliv, i Knarren.

«Kva no?», spør arbeidsgruppa for næringsutvikling i Alver kommune, i samarbeid med Nordhordland Næringslag, Region Nordhordland og Industriutvikling Vest. Måndag 12. februar arrangerer dei dialogforum for næringslivet og lokale politikarar, der utfordringa til alle som har interesse av samfunnsutvikling er å vera med å forma framtidas næringsliv i Nordhordland.

Møteplassen er Knarren, Knarvik vidaregåande skule, med start klokka 17.15.

Ein attraktiv næringsregion

Tidlegare næringsminister, no kommunal- og moderniseringsminister, Monica Mæland spør korleis utvikla ein attraktiv næringsregion.
Er vi spenstige nok, er det utfordrande spørsmålet frå regiondirektør i Atea, Einar Vaage frå Knarvik.
Den tredje innleiaren, Karina Garnes Reigstad, kommunestyrerepresentant i Meland, er opptatt av kva retning vi går i.

Gruppearbeid og dialog

Frist for å melda seg på til dialogforumet er 8. februar. Etter påmelding vil kvar deltakar få ein del spørsmål som ein gjerne bør ta stilling til i forkant av møtet. Desse vil så danna grunnlaget for gruppearbeidet og plenumsdialogen som skal gå føre seg etter at dei tre innleiarane har drøfta sine tankar om framtidas næringsliv. Påmelding til www.nonl.no

AV: Randi Bjørlo

Close Menu