Tilstades i alle tre kommunane

ørjan raknes forthun

For å få best mogleg kontakt med dei som jobbar i dei tre kommunane, har Ørjan Raknes Forthun fast kontordag i Meland og Radøy kvar veke.

Ørjan Raknes Forthun vart nyleg tilsett som programansvarleg, og rådmann frå 01.01.2020 i Alver kommune. Han bestemte seg raskt for å vera tilstades i alle dei tre kommunane kvar veke.
– For meg er det viktig å ha kontakt med driftsorganisasjonane i dei tre kommunane. Difor har eg kontordag i Meland mandag, i Lindås tysdag og i Radøy onsdag, seier han. Torsdagar er det ofte politiske møte i Lindås og fredagane er det regionråd og andre fellesmøte.

Raknes Forthun legg ikkje skjul på at rådmannsrolla hans vert veldig annleis no, men samtidig har dei som sit i leiargruppa i Lindås rådmannsfullmakter på sine område.
– Rådmannsrolla er også eit sett med oppgåver, seier han.

Han presenterer eit organisasjonskart, med eit programkontor som ein administrativ støttefunksjon, med programleiarar som har ansvar for fleire prosjekt kvar og sektorleiarar som leiar kvar sine hovedprosjekt.

Likeverdig påverknad

– Alle må vera med å bygga den nye kommunen, det er der arbeidsplassane er etter 2020. På alle nivå i prosjektorganisasjonen skal det hentas folk frå alle tre kommunane, og ein må avstemma det ein har moglegheit for å gjera i eigen kommune, og i prosjektet, seier leiaren som er opptatt av at alle tre kommunane skal oppleva likeverdig påverknad.
– Det er viktig å få organisasjonen på plass fortast mogleg og få definert kven som har ansvar for kva rolle inn i Alver kommune, seier han og legg til at det er mange spennande oppgåver og roller som ventar.

– Vi må laga realistiske framdriftsplanar i det tidsperspektivet vi har tilgjengeleg. Vi må rigga oss slik at prosessane vert så korte, men gode som mogleg, slik at når vedtak er gjort, så er prosessen ferdig, seier Raknes Forthun. Han har tru på at ein vil spara tid på å vera god på å rigga prosjekt og ta avgjerder på riktig tidspunkt.

Målet er at den nye organisasjonsmodellen har definert alle hovedprosjekt første halvår 2018.

Ny praksis

Raknes Forthun ser ikkje vekk frå at den nye praksisen for Alver kommune kan bli heilt annleis enn den praksisen som er gjeldande i dagens kommunar.
– Beste praksis er kjernen i det vi tenkjer, og vi kartlegg kvar enkelt kommune i dag for å få definert ny praksis for Alver kommune. Samtidig ser vi kva andre kommunar gjer. Kva gjer Askøy, Fjell, Os, Molde eller andre kommunar med 30 000 innbyggarar. Og kva seier forskinga. Dette er alle moment som vil bli tatt med når vi skal finna ny praksis for Alver, seier han. Deretter må det på plass ein tiltaksplan for korleis få medarbeidarane tilpassa til å levera.
– Radøy kan til dømes ha ein strålande praksis på eit område i dag, som likevel ikkje kan vidareførast. Det same kan vera tilfelle i dei to andre kommunane, seier han.

Dagens tre kommunestyre har alle gjort vedtak om eit nytt felles løns- og rekneskapskontor frå 1. august 2018, med Lindås kommune som vertskommune. – I prosessen har vi sett at kommunane jobbar ulikt, sjølv om vi jobbar i same systemet. At det var så stor forskjell, var overraskande. No er alle på alle modulane, og samkjører bruken av desse, seier Forthun som ser for seg at denne modellen også kan brukast på andre område.

Alver kommune er oss

Raknes Forthun seier det er ei kjempeutfordring å skapa identitet til Alver kommune, og koma ut av den identiteten ein har til eigen kommune i dag.
– Det blir nok lettast for meg som har fått mi rolle tidleg. Eg er allereie veldig Alver kommune, seier han og smiler.
Han ser óg at det vert utfordrande å finna balanse i bruk av ressursar mellom prosjekt og løpande drift.
– Det kan kollapsa om alt er viktig, men eg tru vi tre rådmenn er i stand til å handtera dette. Dei to andre vert også sentrale i prosjektet, og har rollene på plass. Dei har god oversikt over prosjektbiten og det som skjer ute i eigen kommune, seier han.

To assisterande rådmenn

Martin W. Kulild, rådmann i Meland, vert som kjend assisterande rådmann med ansvar for strategi og tenesteutvikling i Alver kommune. Jarle Landås, rådmann i Radøy vert også assisterande rådmann med ansvar for juridisk og eventuelt plan, i den nye kommunen.

Landås seier at han synest han har fått ein spennande og utfordrande posisjon i Alver kommune. – No ligg ei stor oppgåve framfor oss i bygging av ny kommune samtidig som kommunane skal driftast og tenester skal ytast til innbyggarane, seier han. – Eg gratulerer Ørjan med jobben som programansvarleg og seinare rådmann og ser det som viktig å bidra og støtta han i arbeidet, seier radøyrådmannen.

Jarle Landås er no blant søkjarane til stillinga som prosjektleiar og rådmann for nye Voss herad. Dersom han skulle få stillinga, opnar det samrøystes vedtaket frå 6. november i år for at fellesnemnda står fritt til å avgjera om Alver kommune då skal ha ein eller to assisterande rådmenn.

Blant søkjarane til den administrative stillinga i Voss herad – dagens Voss kommune og Granvin herad – er også Ingvild Hjelmtveit, som var rådmann i Meland då avtalen om kommunesamanslåing vart inngått. Ho er i dag rådmann i Osterøy.

Tekst og foto: Randi Bjørlo

 

 

 

Close Menu