Viktige oppgåver ventar

Fellesnemnda skal både tilsetja rådmann og godkjenna styringsdokumentet for Alver kommune.

Fellesnemnda skal i møte mandag godkjenna tre av kapitla i styringsdokumentet for den nye kommunen. Dei øvrige kapitla skal drøftast i seminar i etterkant av møtet, og intensjonen er at heile styringsdokumentet så skal godkjennast i siste møte i fellesnemnda i år; 4. desember.

I intensjonsavtalen, som er førande for arbeidet, vert det mellom anna vist til at tre likeverdige partar skal bygga ein ny kommune, med respekt for kvarandre sine tradisjonar, kulturar og sterke eigenskapar. Dei skal ta med seg beste praksis frå dagens kommunar, og involvera innbyggjarar, tilsette og næringsliv. Det skal vera likeverdige tenester i heile Alver kommune, med lokal tenesteproduksjon der brukarane bur.

Fleire prosjekt

Samtidig som tre kommunar skal avviklast og ein nye skal byggast dei neste to åra, skal innbyggarane sikrast forsvarlege tenester. Samanslåingsarbeidet vert organisert som eit program, eigd av fellesnemnda. Programmet skal sikra klare ansvarsforhold, tydeleg skilje mellom politiske og administrative oppgåver, og brukarmedverknad i prosjekt som direkte gjeld innbyggarane. Samanslåingsprogrammet omfattar eit politisk, hovudprosjekt, eit hovudprosjekt med politisk styring og eit hovudprosjekt med administrativ styring.

Ulike organ

Dagens tre kommunestyre vil i nokre saker gjera vedtak etter tilråding frå fellesnemnda, og dei skal informerast om arbeidet med bygging av ny kommune i kvart møte. Fellesnemnda skal altså styra gjennomføringa av samanslåingsprogrammet og sikra nødvendig samordning mellom dei tre kommunane. Saksførebuande utval (SFU) som er organet til dei tre ordførarane, fastset agenda for møta og koordinerer sakene til fellesnemnda. Dei kan også få delegert mynde frå fellesnemnda. Ei eiga valnemnd kjem med framlegg til kandidatar til politiske utval, prosjektgrupper og politiske hovudprosjekt. Partsamansett utval (PSU), med tre representantar frå dei tilsette, leiar av fellesnemnda, to valde representantar frå fellesnemnda og programansvarleg/rådmann, skal drøfta korleis dei tillitsvalde skal involverast på ein god måte i avgjerder og i prosessen. Det skal også etablerast eit programkontor som vil vera ein viktig støttespelar for fellesnemnd, programansvarleg, utvalsleiarar og prosjektleiarar.

Risiko, mål og suksess

Prinsipp for involvering av dei tilsette og verneombodsutval vert handsama i fellesnemnda 4. desember etter handsaming i PSU. Fellesnemnda vil starta budsjettdrøftingar i møtet 6. november og sluttføra det i møtet i desember. Mandag vert samlinga i fellesnemnda avslutta med eit seminar der risikostyring, samt mål og suksesskriterier står på agendaen.

Martin eller Ørjan?

Som tidlegare omtala, skal fellesnemnda vedta kven som vert Alver kommune sin første rådmann. Jarle Landås, rådmann i Radøy er ikkje lenger aktuell til den stillinga. Etter grundig vurdering ser han at han ikkje ville kunna vera rådmann i Radøy og samtidig programansvarleg for samanslåinga. Han har difor meldt frå til tilsetjingsutvalet og selskapet Visindi om at han ikkje er kandidat til rådmannsjobben, men at han ønskjer seg ei anna spesifikk, administrativ rolle i den nye kommunen. Dermed står det att to kandidatar når fellesnemnda får si innstilling måndag; Martin W. Kulild, rådmann i Meland, og Ørjan Raknes Forthun, rådmann i Lindås. Den eine vil bli tilsett som programansvarleg/rådmann, den andre skal innplasserast til andre oppgåver i Alver kommune, i lag med Jarle Landås.

Andre saker

Fellesnemnda skal også drøfta framlegg om å utsetja allmenn taksering etter eigedomsskattelova, slik det er skrive sak om tidlegare på einkommune.no. Nemnda vil vidare bli informert om status for ulike pågåande prosjekt i prosessen, som beredskap, kommunikasjon, IKT, løn og rekneskap, barnevern. Dei vil også bli informert om status for arbeidet med å få til eit seminar om næringsutvikling.
Nemnda vil også få tilbakemelding etter møte med fylkesmannen om interkommunal plan for sjøareal, som var på agendaen i førre møte i Fellesnemnda. Og dei vil bli presentert for NGIR sitt forslag om vedtektsendring grunna kommunesamanslåing.
I møte mandag vil det også bli orientert om ei rekkje saker som det skal gjerast vedtak i 4. desember.

AV: Randi Bjørlo

 

Close Menu