Rådmannen klar i november

SAMSUNG CSC
RÅDMANN I ALVER: Ein av desse tre vert rådmann i Alver kommune. Frå v: Jarle Landås, Martin Kullid, Ørjan Raknes Forthun.  (Foto: Randi Bjørlo)
  1. november vert det bestemt kven som vert Alver kommune sin første rådmann. Selskapet Visindi skal bidra i prosessen.

Tilsetjingsutvalet har i dag, fredag 20. oktober, inngått avtale med selskapet Visindi i prosessen med innplassering av dagens tre rådmenn i nye Alver kommune.
– I samarbeid med Visindi vil tilsetjingsutvalet gjennomføra prosessen og målet er at vi skal leggja fram ei innstilling for fellesnemnda 6. november, seier Øyvind Oddekalv, leiar i fellesnemnda. Vedtaket som då vert gjort, vil innplassera dagens rådmenn; Ørjan Raknes Forthun i Lindås kommune, Martin W. Kulild i Meland kommune og Jarle Landås i Radøy kommune – ein av dei som programansvarleg/ny rådmann og dei to andre i andre leiarstillingar i Alver kommune.

Dei tre rådmennene

Ørjan Raknes Forthun (49)har vore rådmann i Lindås sidan juni 2014. Han kom då frå stillinga som rådmann i Eid kommune, der han var i drøye fire år. Tidlegare har han vore rådmann i Vågsøy kommune i 6 år. Raknes Forthun har også jobba som økonomisjef i Elkem AS og som konsulent i DNB finans.

Martin W. Kulild (53) har vore rådmann i Meland frå juni i år. Tidlegare har han vore rådmann i Hamar kommune, og i Gulen kommune frå februar 2008 til august 2012. Før han kom til Meland, var Kulild tilsett som senior advisor i Fylkeskommunen i Sogn og Fjordane. Han har vore kommunalsjef i Osterøy kommune, assisterande direktør i Bergen kirkelige fellesråd, trygdesjef m.m. i Solund kommune og han har nær 11 års erfaring frå bank.

Jarle Landås (49) har vore rådmann i Radøy sidan mars 2012. Han kom då frå stillinga som assisterande rådmann i Osterøy kommune, før det var han tilsett 11 år hos Fylkesmannen i Hordaland som seniorrådgjevar/rådgjevar. Landås har vore jurist på fylkesarbeidskontoret i Telemark og konsulent ved Arbeidskontoret i Bergen sentrum. Han har også to år som fengselsbetent i Bergen Fengsel.

Ekstern kompetanse

Slik det er skrive tidlegare gjorde fleirtalet i fellesnemnda i september vedtak om at rådmannsstillinga i Alver kommune ikkje skulle lysast ut eksternt, men at ein av dagens tre rådmenn skulle innplasserast som ny rådmann. Det vart også vedtatt å henta inn ekstern kompetanse som bistand i prosessen.

Selskapet Visindi er no vald til å bistå tilsetjingsutvalet som er sett saman av dei tre ordførarane og koordinerande tillitsvalt. Visindi presenterer seg som Norges største selskap innan utveljing av styremedlem og toppleiarar.

Namnet Visindi er henta frå gamalnorsk og tyder medvit, visdom og kunnskap.

Visindi AS vart etablert 1. oktober 2004 og har sidan starten hatt ein kontinuerleg vekst, og tel i dag nær 40 tilsette. Selskapet er 100 % eigd av partnarar som arbeider i selskapet. Visindi Bergen har 6 tilsette og held til i Kronstadparken.

AV: Randi Bjørlo

 

 

 

 

 

 

 

 

Close Menu