Ordføraren måtte bruka dobbeltstemma si for Alver

radøy ksAlver 12 stemmer – Nordhordland 12 stemmer

Kommunestyret i Radøy diskuterte namn på den nye kommunen torsdag kveld, med utgangspunkt i tilrådinga frå førebuande fellesnamn og Radøy formannskap om Alver kommune.
-Har ikkje alle tre kommunestyra same fleirtalsvedtak, speler vi frå oss sjansen til å bestemma namnet sjølve. Då er det departementet som avgjer, presiserte ordførar Jon Askeland før han opna for debatt. Han sa vidare at han ville gå for ei prøvevotering, der den enkelte får vist sitt syn – slik Meland gjorde onsdag.

Delt på midten

I kommunestyret var det 24 og ikkje 25 representantar. Venstre stillte berre med ein av sine to folkevalde. Det måtte  to prøverøystingar til før endeleg vedtak vart fatta. I den første fekk Alver 12 stemmer, Nordhordland 11 stemmer, medan Normann Sæbø (H) stemte blankt. Under andre prøverøystinga var det ikkje lov å røysta blankt, og Alver og Nordhordland fekk 12 stemmer kvar.

  • No har alle fått protokollert sitt primære syn, sa ordføraren før endeleg røysting. Denne gav 12 stemmer til Alver og 12 til Nordhordland. Dermed måtte ordføraren bruka dobbeltstemma si.
  • Desse stemte for Alver: Jon Askeland (Sp), Jostein Borlaug (Ap), Kirsti Gjetle Floen (Ap), Liv Berith Rath (Ap), Edgar Grindheim (Ap), Torill Helland (Ap), Agnes H. Bernes (V), Silje Namtvedt (Sp), Sara H. Sekkingstad (Sp), Anne Berit B. Palmesen (Sp), Laila S. Pletten (Sp), May Britt V. Gjerde (Sp), Desse stemte for Nordhordland: Else Marie S. Dale (Krf), David Pletten Aasgard (Krf), Roy Bø (Frp), Wenche Kalnes Tveranger (Frp), Kenneth Taule Murberg (H), Vidar Grindheim (H), Normann Sæbø (H), Henning Haugland (H), Thomas Rikstad (H), Leif Taule (Sp), Martin Soltveit (Sp), Dag Sætre (Sp).

Sterkt og framtidsretta

Thomas Rikstad (H) var den første som fremja forslag om Nordhordland kommune.
-Det reflekterer storkommunen godt, er sterkt, kjent og beskrivande for store delar av området det ligg i. Eit namn som reflekterer styrken i samanslåinga, og er gunstig for marknadsføringa av kommunen, sa han.

Roy Bø (Frp) ville også gå for Nordhordland.
-Eg forstår Masfjorden og Austrheim som er sure for at vi vil bruka det namnet, men dei har fått tilbod om å vera med. Dei aller fleste folk vil ha Nordhordland, sa han.David Pletten Aasgard (KrF) fremja også forslag om Nordhordland, og presiserte at han ikkje ville stemma for noko anna enn dette som han ser som eit nyskapande namn. Eg ønskjer ikkje at vi skal bli pressa til å velja eit fortidas namn. Alversund er betre enn Alver, men eg ønskjer ikkje det heller. Eg meiner at andre ikkje skal stå i vegen for eit forslag som vi ønskjer, sa han

.Leif Taule (Sp) seier han trur det spriker i Senterpartigruppa, og han slit litt sjølv med kor han skal landa.
-Eg syntest tidleg at Alver var eit veldig aktuelt namn. Ei stund heldt eg på Lindås, som no er ute. Men folk eg treff kan ikkje skjøna at vi ikkje kan kalla kommunen for Nordhordland. Dei skjøner ikkje det politiske spelet her, sa han.

Silje Namtvedt (Sp) føler at det er veldig mykje historieløyse ute og går i forhold til namnet Nordhordland som spreidde seg frå Muleelven i Bergen til Fedje.
-Det er ikkje nyskapande, men eit historisk namn og mykje større enn mange ser for seg, seier ho. Og legg til at ho vil stemma taktisk for å unngå at departementet bestemmer namnet.

Kenneth Taule Murberg (H) støttar David i hans syn om kva Nordhordland er.
-Eg meiner at me skal ha respekt for folket som ønskjer Nordhordland som namn, sa han.

Vidar Grindheim (H) meinte det er viktig at namnet er samlande, og det er Nordhordland, sa han.

-Det er opp til oss

Sara Sekkingstad (Sp) sa namnet Alver betyr i all slags vêr.
– Ute styrtregnar det, og det er Ikkje sjeldan at vi fire årstider på ein time. Eg var skeptisk til Alver, men eg har sett på det og synest namnet er godt. Etter ei grundig vurdering og diskusjon, har eg landa på at Alver er det beste. Eg vil bu i Alver kommune i Nordhordland, sa ho.

Jostein Borlaug (Ap) sa at det vil vera delte meiningar uansett kva ein landar på.
-Hadde alle kommunane vore med, hadde namnet truleg blitt Nordhordland. Men eg synest det er utidig av oss å brøyta oss fram og ta namnet til regionen og ikkje bry oss om dei andre. Eg har aldri tenkt på Alver som tussar og troll her i vår region. Med Alver kommune kan vi starta med blanke ark, og eg er ganske sikker på at namnet vårt vil bli innarbeidd og bli oss. Det er me som bestemmer, og samtidig viser me at me har respekt for dei me skal samarbeida med i framtida i regionen, sa han og oppfordra Radøy-politikarane til å gå for Alver.

Rundt 200 namn vurdert

Jostein Borlaug som har vore med i namnekomiteen, orienterte om prosessen, der rundt 200 namneforslag innkomme via lokalpressa og sosiale medier, vart redusert til 11 namn som vart sendt vidare til ei referansegruppe. Desse var Alver, Alversund, Flatøy, Håøy, Knarvik, Kvernafjord, Lindås, Lygra, Nordhordland, Radfjord og Seim. Referansegruppa kom tilbake til namnekomiteen med fire forslag; Alver, Knarvik, Kvernafjord og Radfjord. Namnekomiteen si innstilling til førebuande fellesnemnd var Alver kommune. Med i vurderinga har også vore intervju med tre historisk interesserte lokale kjentfolk, og ei spørjeundersøking der innbyggarane vart bedne om å sei kva dei meiner identifiserer desse tre kommunane og folket som bur der. Også Språkrådet er blitt spurt om kva dei meiner, og dei synest Alversund er eit betre alternativ enn Alver.

Onsdag gjorde Meland kommune samrøystes vedtak om Alver kommune.
I kveld måtte altså ordføraren si dobbeltstemma takast i bruk for å få fleirtal for Alver.
Onsdag 21. juni skal Lindås kommunestyre ha kommunenamnet på dagsorden. Dagen etter gjer dei tre kommunane kvar for seg endeleg vedtak om namn – med dei to andre kommunestyra som tilhøyrarar.

AV: Randi Bjørlo

Close Menu