Siste møte i førebuande fellesnemnd

tillitsvalde høgde
TILLITSVALDE: Frå venstre: Jarle Næss, UDF/UNIO Lindås, Adolf Hovgaard, UDF/UNIO Meland, Elisabeth Bygstad, UDF/UNIO Radøy, Liv Berit Haukås, Fagforbundet Lindås, Anita Dale, Fagforbundet Meland og Rosalind Grindheim Instebø, Fagforbundet Radøy. (Foto: Randi Bjørlo)

Måndag 12. juni hadde førebuande fellesnemnd sitt siste møte. Når no den permanente fellesnemnda tar over, vil dei same politikarane ta plass der – med få unnatak. Kommunestyra i Meland, Radøy og Lindås skal denne og neste veke velja sine representantar til Fellesnemnda, og intensjonen er at dei politikarane som har vore med i førebuande fellesnemnd skal fortsetja i den permanente nemnda. Nokre få folkevalde har takka nei til å vera med vidare, og me kjem tilbake med presentasjon av Fellesnemnda når denne er klar.

Tillitsvalde deltar

Hovudsaka i møtet måndag var det vidare arbeidet med styringsdokumentet for etablering av ny kommune. Slik me har skrive tidlegare, vert det lagt opp til eit todagars seminar for Fellesnemnda i september der det skal arbeidast vidare med viktige element frå styringsdokumentet. Intensjonen har vore at dei tillitsvalde skulle delta på dag to av seminaret. I møtet måndag ba dei om å få ta del i begge seminardagane, og fekk gehør for det. – Dei tillitsvalde har behov for å bli kjend på same måte som alle andre, og vi kan gjerne ha eit eige møte om noko av programmet ikkje er relevant for oss, sa Jarle Næss, talsmann for dei tillitsvalde. – Tanken er at me skal ha prosjektmetodikk som tema eine dagen, og styringsdokumentet den andre. Det er likevel ingen grunn til at ikkje dei tillitsvalde kan vera med begge dagane, sa Jon Askeland. Førebuande fellesnemnd gav eit samstemt ja til at dei tillitsvalde skal vera med på heile seminaret.

Sikra eigarskap

Leif Hosøy Sleire spurte om arbeidet med styringsdokumentet var meir omfattande enn ein hadde sett føre seg, sidan ein no har utsett godkjenning av dokumentet til oktober.
– BDO har lagt fram eit utkast med 8 hovudkapitel. Saksførebuande utval har konkludert med at vi ikkje ville klara å ha alt klart til dagens møte. Noko er klart, men om vi la det fram mangla heilskapen. I tillegg er det eit ønske at flest mogleg skal vera kjent med styringsdokumentet og ha eigarskap til det, sa Jon Askeland. – Det vil vera ei god investering å bruka tid på dette viktige dokumentet, seier Øyvind Bratshaug som presiserer at styringsdokumentet bør ha eit innleiande kapitel slik at alle forstår kva det dreier seg om. Dette vert stadfesta av Sven-Erik Antonsen, direktør i BDO.

Lukka møtet

I forrige møte gav førebuande fellesnemnd ordførarane og varaordførarane i dei tre kommunane fullmakt til å utarbeida ei skildring av stillinga som rådmann i den nye kommunen. Denne vert nytta i prosessen med avklaring av rettskrav til stillinga, og nemnda vart lova tilbakemelding når denne avklaringa er gjennomført. Då leiar av førebuande fellesnemnd, Øyvind Oddekalv skulle orientera om status for saka måndag, vart møtet lukka og rådmenna og dei tillitsvalde sende på gangen. Etter møtet hadde Oddekalv og Askeland møte med dei tillitsvalde, der dei informerte om at status for saka er at ein ventar svar frå KS-advokaten på spørsmålet om rettskrav.

Eit historisk møte

Då møtet vart heva, sette førebuande fellesnemnd punktum for sitt arbeid. Permanent Fellesnemnd skal formelt veljast på møtet som fylkesmannen kallar inn til, 22. juni. Der skal også namnet på den nye kommunen vedtakast, og det skal veljast revisor og tal på representantar til det nye kommunestyret som skal tre i kraft 1. januar 2020.

AV: Randi Bjørlo
 

Close Menu