Når tre blir ein

Når dei tre kommunane Lindås, Meland og Radøy byggjer ein ny kommune, startar dei ikkje arbeidet med blanke ark, men tar med seg beste praksis frå dagens kommunar. Intensjonsavtalen som vart underteikna i januar 2016, slår fast at dei tre er likeverdige partar som skal byggja vidare på felles identitet og kultur og involvera innbyggjarar, tilsette og næringsliv.

Visjonen

Visjonen til dei tre kommunane er å byggja ein ny kommune for å møta framtida sine utfordringar i tenestetilbodet til innbyggjarar og næringsliv. Dei skal rekruttera, halda på og utvikla den beste fagkompetansen for å betra tenestetilbodet der brukarane bur. Den nye kommunen skal vera ein god, attraktiv felles bu- og arbeidsregion. Ein sterk kommune som byggjer opp under innbyggarane sin felles identitet og som kan ta imot fleire oppgåver for at det lokale demokratiet i størst mogeleg grad kan styra utviklinga i eigen kommune.

Fordelar og ulemper

Det er fordelar og ulemper ved å etablera ein ny kommune. Utgreiinga peika mellom anna på fordelar ved sterkare fagmiljø som sikrar rekruttering og god spisskompetanse, betre kvalitet og mangfald på tenestetilbodet, betre heilskapleg arealutnytting og større påverknadskraft overfor sentrale og regionale styresmakter. Den nye kommunen vil bli ein større og meir ressurssterk kommune med betre økonomisk soliditet, og vil stå betre rusta til å møta den kraftige veksten i innbyggjartall (44 000 i 2040) med eit auka tal eldre.

Nokre av ulempene ein ser for seg er større geografisk avstand innan kommunen, konsentrasjon av kommunale tenester, redusert lokalkunnskap hjå sakshandsamarar, og lågare engasjement og politisk involvering frå innbyggjarane.

Seks nærsenter

I dagens tre kommunar er det semje om at kommunesenteret vert lagt til Knarvik, og at nynorsk skal vera administrasjonsspråk. Rådmannen skal sitja på rådhuset i Knarvik, medan rådhusa på Frekhaug og Manger skal ha kommunale funksjonar.

Regionsenteret Knarvik vil vera kommunesenteret i den nye kommunen. Lokal- og nærsenter vil bli lokalisert på Ostereidet, Lindås, Frekhaug, Vikebø, Manger og Bøvågen. Det skal leggjast til rette for vekst og utvikling med utgangspunkt i lokal identitet, også ute i bygdene.

Tenestetilbod som i dag

Tenestetilbodet skal vera på same nivå som i dag og innbyggjarane skal motta desentraliserte tenester. Heile omsorgstilbodet skal ivareta at innbyggjarane får nærleik til tenestene. Sjukeheimsplassar, bufellesskap, omsorgsbustader og bu- og servicesenter skal vera nærast mogleg der innbyggjarane bur, for å sikra lokal identitet og nærleik til tenestene. Lokale helsestasjonar vert vidareført. Omsorgsteknologi skal vera eit satsingsområde i den nye kommunen.

Framoverlent

Kommunen skal vera ein god oppvekst-, barne- og ungdomskommune. Ingen kommunale skular eller kommunale barnehagar skal leggjast ned som følgje av samanslåinga, eksisterande skulebruksplanar vert reviderte når den nye kommunen er etablert. Skulekrinsgrenser i ein ny kommune bør følgja nærskuleprinsippet. I tillegg til at Knarvik vidaregåande skule skal ha eit breitt tilbod, vil det bli arbeidd for aktivt for å få oppretta eit universitets- eller høgskuletilbod i kommunen, gjerne knytt til lokalt næringsliv.

Bibliotek, institusjonskjøkken og frivilligsentralane vert vidareførte, i lag med det lokale mangfaldet av frivillige lag og organisasjonar. Planen er også å bygga eit felles regionalt kulturhus. Samarbeidet med kyrkja og trussamfunna elles skal vidareførast.

Gjennom strategisk samfunns- og næringsutvikling vil ein styrkja eksisterande, skapa og leggja til rette for nye arbeidsplasser. Kommunen har sjølv som mål å vera ein attraktiv arbeidsplass. Den nye kommunen skal vera nyskapande og utvikla  nye næringsareal med fokus på framtidsretta næringsliv, og vera ein pådrivar for å halda fram utbygginga av mobilnettet og breibandstilbodet i alle delar av kommunen.

Ingen eigedomsskatt

Prisnivået på kommunale tenester, gebyr og eigedomsskatt skal vera likt i heile den nye kommunen. Det inneber at den nye kommunen fjernar eigedomsskatten på hus og hytter.
Vedtekne, økonomisk forsvarlege investeringsprosjekt vert vidareførte i den nye kommunen. Midlar ein sparer på å effektivisera politisk og administrativ leiing, skal brukast til eit kommunalt utviklings- og næringsfond.

Alle tilsette har rett på jobb i den nye kommunen, og skal ikkje få reduksjon i løna si.

 Politisk organisering

Kommunen skal styrast etter formannsskapsmodellen med politiske utval. Kommunestyret skal ha 47 medlemmar, formannskapet 13. Det vert lagt opp til fire hovudutval: Oppvekt, kunnskap og kultur – helse og omsorg – samfunn, plan og miljø – næringsutvikling. Kontrollutvalet skal ha 7 medlemmar. Administrasjonsutvalet skal ha 4 politiske medlemmar frå formannskapet og 3 medlemmar frå dei tilsette sine organisasjonar.

Det skal veljast medlemmar og varamedlemmar til fellesnemnda som skal erstatta førebuande fellesnemnd. Nemnda skal ha 21 medlemmar med fem frå Radøy, seks frå Meland og ti frå Lindås. Fellesnemnda skal veljast formelt i felles kommunestyremøte 22. juni, men kommunane er no i gang med prosessen rundt val av sine representantar i nemnda. Fellesnemnda skal førebu oppstart av ny kommune, medan dei tre kommunestyra skal stå for drift og avvikling av dei gamle kommunane.

 

Fakta

*Intensjonsavtalen byggjer på ein føresetnad om at ein ny kommune vil stå sterkare for  å løysa utfordringane i framtida enn dei eksisterande kommunane har kvar for seg. *Den nye kommunen skal vera ein heilskapleg samfunnsutviklar og byggja fellesskap i ein region med sterk vekst og utvikling.
*Den nye kommunen får vel 28 000 innbyggjarar og vil dekka eit areal på 679 km2, og vert dermed den nest største kommunen i Hordaland (pr. 01.01.16)

Av Randi Bjørlo

Close Menu