Søkjer om 5 millionar

IMG_4907
FULLMAKT: Dei tre ordførarane får fullmakt til å skriva, signera og senda søknaden.

Dei tre kommunane ønskjer å sikra meir midlar til Sambandet Vest.

Når førebuande fellesnemnd samlast mandag 15. mai, er ei av sakene på dagsorden, å søkja Kommunal- og moderniseringsdepartementet om 5 millionar kroner til vidare arbeide med regulering av Sambandet Vest.

I fjor fekk førebuande fellesnemnd 2 millionar til regulering av Sambandet Vest. No ønskjer ein å søkja om ytterlegare 5 millionar til dette arbeidet.

I saksutgreiinga vert det vist til at dei tre kommunane i intensjonsavtalen har slått fast at dei ynskjer å satsa målretta på infrastruktur for at den nye kommunen skal få ein effektiv internkommunikasjon og for å realisera lokale samferdsleprosjekt. Sambandet Vest er blant desse prosjekta.

Viktig prosjekt

-Dette er eit prosjekt som har stor verknad for alle dei tre kommunane, difor vert det foreslått å prioritera dette prosjektet, påpeikar sakshandsamar Ørjan Raknes Forthun. Ønsket er å gje ordførarane fullmakt til å utforma og senda søknaden, i samarbeid med Sambandet Vest.

I intensjonsavtalen heiter det at ”den nye kommunen skal jobba for effektiv internkommunikasjon og for å realisera lokale samferdsleprosjekt, t.d.Nyborgtunnelen, Alversund bru, Sambandet Vest og Ringveg Nordhordland. Det vil bli søkt om midlar til samanslåtte kommunar til infrastruktur for å sikre planmidlar til Sambandet Vest.”

Eit tverrsamband

Sambandet Vest AS sitt føremål er å medverka til næringsutvikling gjennom å knyta saman Sotra/Øygarden, Askøy og Nordhordland med ny infrastruktur, og styrka transportberedskapen på det regionale hovudvegnettet. Det er gjort vedtak om å gå for brukryssing over Herdlafjorden mellom Askøy og Meland. Planen vidare er bru mellom Meland og Radøy over Bognestraumen. Målet er oppstart i 2021.

Andre saker

På sakskartet til førebuande fellesnemnd mandag, er òg desse sakene:

  • Krav til stilling som prosjektansvarleg/rådmann i den nye kommunen.
    Her er innstillinga å gje ordførarane og varaordførarane fullmakt til å utarbeida ei skildring av stillinga. Denne vert nytta i prosessen med avklaring av rettskrav til stillinga. Koordinerande tillitsvalt deltar i utarbeidinga av stillingsskildringa.
  • Oppnemning av arbeidsgruppe for gjennomføring av seminar om næringsutvikling.
    Seminaret er i tråd med ønske frå Nordhordland næringslag og fellesnemnda skal velja tre representantar som får i oppdrag å planleggja og gjennomføra seminaret til hausten, med administrativ støtte frå Lindås kommune.

Møtet i førebuande fellesnemnd mandag 15. mai vert halde i kantina  i Nordhordlandshallen.

Tekst og foto: Randi Bjørlo

Close Menu